I dag var Jarand på 5 mnd. kontroll. Helsesyster hadde så fin speledåse, at Jarand ikkje merka at han fekk vaksinen sin eingong. Eg trur eg må gjera eit nytt forsøk på å finna babyleikane på Holmefjord, for der skal det vera ein eller fleire speledåsar.
Kontrolltal:
Vekt: 7825 gram
Lengde: 65 cm
Hovudomkr.: 43,6 cm
fredag, april 28, 2006
torsdag, april 20, 2006
Jarand hjelper besteforeldra sine med å halda styr på årene
Barnedåp - Del 3 - Tusen takk for alle dei fine gåvene!!!!!
Jarand las korta sine sjølv,
men trengte litt hjelp til å opna gåvene.Jarand fekk veldig mykje fint:-)
Gjekk om Kjell Inge gler seg til å ta Jarand med på tur i bæremeis!!!!
Han fekk to gåver med ferdig gravering, men dei som graverte må ha hatt ein svimete dag på jobben... På tallerken heitte han Jarad og på skeia var han 4 cm ved fødselen... Me får håpa det blir rett på andre forsøk!
onsdag, april 19, 2006
Barnedåp - Del 2






Borda var plassert som ein H - for Holmeford. Jarand hadde hedersplass midt i H-en. Hovudpersonen sov seg gjennom første delen av kalaset. Kanskje like greitt, sidan han ikkje er gammal nok til å eta all den gode maten.Me takkar så mykje for all den gode maten Solfrid laga og for maten Marit kom med:-)
Barnedåp - Del 1
Mange gode kaker. Det var kamp om suksessterta;-)
Kjell Magne, Solveig og Tormod på trappa til skulehuset.
Bakka kyrkje
Så var det fotoseanse... Besto er morsom!
Alle fadrane! Kjellaug (tok av lua), Brynjar, onkel Tormod, onkel Magnar (bar Jarand til dåpen), onkel Oddmund og onkel Hallgeir.
Heile familien!
Jarand følgde nøye med under sjølve dåpshandlinga. Han heldt blikkontakt med presten heile tida! Etterpå sovna han til orgelmusikken... Smukken var i munnen heile tida. Jarand Namna til dei som er døypte i kjolen er brodert på dåpskjolen. Både pappen og bestemor har brukt den. Under kjolen har Jarand fotballskoa han har fått frå Tormod og Magnar. Ein må ta fram det finaste ein har til slike festdagar som dåpsdagen:-)
torsdag, april 06, 2006
God påske!
Han er eigentleg mest oppteken av å sjå på figurane på dressen sin...
Jarand ønskjer alle ein fin påske! På palmesøndag skal han døypast i Bakka kyrkje.
Jarand ønskjer alle ein fin påske! På palmesøndag skal han døypast i Bakka kyrkje.
onsdag, april 05, 2006
Joggevogn
Me har kjøpt oss joggevogn! Kjell Inge skal jogga, eg har tenkt å halda fram med å gå på tur;-)
http://www.biteringen.no/produkter/april-vaerrask/gtsport16/
http://www.biteringen.no/produkter/april-vaerrask/gtsport16/
Abonner på:
Innlegg (Atom)























