Da va endele helg att, og værmeldingane va av da goa slaget, iallefall ein liten laurdag. Eg og Håkon klødde oss som vanleg ikkje so mykje i håve før me bestemte oss fø å reisa. Målet va egentlig Vikafjellet, men med stengt veg og usikker på kor bommen var stengt tok me turen til eit for meg velkjend turterreng - Jordalen - Breidalen - Fresvikjordalen - Øvstedalen.
Veka før hadde bydd på MYKJE vind og MYKJE snø, så stabiliteten i snøen var nok heller dårleg - det vart difor ein tur i flatt terreng.
Men altso - nydeleg ver (sol frå blå himmel og vindstille) bra føre og skapleg vinterkulde fekk me i dei fem timane me var ute og tilbakela knappe 2 mil. 2 mil med ekta skiglede.

Breidalen heite denne stølen. Breidalen e ein god plass å ve både sommar og vinter.

Solveggen på ei av hyttene i Nestedalen , som de ser i bakgrunnen, vart nytta til lunsjpause. Da va godt med mat for fjellfolk so starta dagen tidleg. Håkon pyntar opp motivet.

Her e underteikna, no på veg nedatt, også med Nestedalen i bakgrunnen

Snart e dajen gje. I januar e ikkje dagane lange. Sjølv med start heime klokka 0715 vart sola låg på himmelen før me kom oss heim. Breidalen gjer seg på returen og.
Takk for turen! Jækla bra!