Bileta frå ferien vår på Island. Musikk: Bjørk:-)
tirsdag, desember 18, 2012
mandag, oktober 22, 2012
Jarand si ønskjeliste - JUL
Jarand ønskjer seg:
- Meir togbanelego
- lego7936
- LEGO LEGO LEGO LEGO LEGO LEGO LEGO LEGO LEGO
- Skøyter
- Grøne plater til å byggja lego på
- Sjakk
- Perm til fotballkort
- Fotballkort
- CD/DVD Knutsen og Ludviksens beste (Denne ønksjer nok både Mari og Jarand seg)
- Abonnement på Donald Pocket: (Me abonnerer på Donald junior)
- Sokkar i str. 35
- Lydbøker
- Filmar
Me synst han kan ønskja seg
- Skisko i str. 34
- Gamasjer som kan opnast framme
- Ullbukser i str 128
- Jarand har eigentleg dei kleda han treng no, men kjekt med klede som han kan veksa inn i.No brukarar han stort sett 128
- Me har snakka om at han treng ein større sykkel, men det er eigentleg litt feil årstid no...
- Boxershorts i str. 128 eller større
Me fyller på listene når me kjem på noko meir:-)
Mari si ønskjeliste - JUL
I går var Mari i kyrkja og fekk 4-årsboka si, enda ho berre er 3 år. Ho blir 4 år 6. november. Til ære for besteforeldre og onklar har Mari laga seg ei ønskjeliste;-)
Ho ønskjer seg:
- Rosa fiskestang
- Sykkelhjelm 50-55 cm
- Noko som ho ikkje har frå før...
- Sama so Jarand...
- Dokker... eg har berre 5... (Foreldra synst 5 er meir enn nok)
- Ho likar alt som har med dokker og ponniar og rosa ting...
- CD/DVD Knutsen og Ludviksens beste (Denne ønksjer nok både Mari og Jarand seg) http://www.platekompaniet.no/Musikk.aspx/CD/Knutsen__Ludvigsen/Dum_Og_Deilig_-_Knutsen__Ludvigsens_Beste_mDVD/?id=DUMCD001
- Småpengar til sparebøssa
- Akebrett
- Lydbøker
- Blu-rayfilmar
- Lommebok
- Tegnepapir (har bryantar/tusjar og malebøker)
Fornuftige ting som me synst ho kan ønskja seg
- Tights str. 104
- Ullstilongs str. 104
- Regnvottar utan for
- Ho har eigentleg mykje klede, men litt jenteklede i str. 104 er kjekt
- Hårstrikkar, klemmer
fredag, august 17, 2012
fredag, august 03, 2012
Vaffelsal i sjølvlaga kiosk
Jarand har starta kremmarkarriæren sin. Han syntest ikkje bestemor trengte å få noko av inntektene, sjølv om ho hadde betalt for mykje av det som blei seld... Alle måtte betala for kaffi og vaflar:-)
mandag, juli 02, 2012
søndag, juli 01, 2012
Danmark
I fjor kom me oss heilt til Danmark:-) Kjekt det! Me var i Legoland i to dagar i strekk med regnvèr. Det var igrunnen ganske praktisk, for me slapp å stå i kø. Me er dårlege på kø, men gode på regnvèr. Siste dagen rekna det mykje, då var det berre 1/3 så mykje folk der som det pleier å vera i parken. På praten så høyrdes det ut som om dei som var der helst var vestlendingar;-)
Musikk: Nat King Cole: This Lazy-hazy-crazy days of summer
lørdag, juni 30, 2012
Snart sommarferie!
Då er det på tide å leggja ut nokre glimt frå sommarferien i fjor...
Eg og Kjell Inge hadde ein kjempefin dag på Rallarvegen. Varmt og fint:-) Snille svigerforeldre passa ungane og Inge køyrde oss i tillegg til togstasjonen på Voss. Sykkelturen gjekk frå Finse til Flåm.
Eg og Kjell Inge hadde ein kjempefin dag på Rallarvegen. Varmt og fint:-) Snille svigerforeldre passa ungane og Inge køyrde oss i tillegg til togstasjonen på Voss. Sykkelturen gjekk frå Finse til Flåm.
Musikk: The Band.: Mystery Train:
Abonner på:
Innlegg (Atom)