fredag, februar 24, 2006

Heima aleina

Astrid skulle på interiørpary og da va tid for at Jarand og far hans skulle stella heima. Aleina.

Væpna med nokre desiliter avkjølte dropar frå det lokale meieriet vinka me te mor litt før klokka åtte.

Skulle jo tru da vart hæla i taket og tenna i veggen då mor for ein gongs skuld stakk av. Men neidå. Gutta boyz, dei vaska golv, dei. Og sjølv om sjansen baud seg for litt enkel humor på tv2 so sat dei pent og pynteleg og såg på Karin Fossum krim på Nrk.

Jarand vart svolten rundt halv edleva og itte ein runde i mikroen va godsakene varme nok te å skålda ka fakir so helst. Jarand va mildt sagt forbanna. Heldigvis inntok drikkevarene fin temperatur før han sprakk, og han åt so han aldri hadde sitt mat før. Fyrste gong frå flaska.

Nærmare halv tolv kom Astrid heimatt. Då sov Jarand i vogga si.

Ein god debut.

torsdag, februar 23, 2006

På tur til Bergen



På tirsdag invaderte eg og Jarand heimen til Sigurd. Lurer på kva Sigurd tenkjer på bileta! Kanskje... "Mamma du har teke feil baby" og "Eg synst eg høyrer nokre rare lydar her..." eller kanskje han berre tenkjer "Er det ikkje mat snart..." Jarand koste seg på besøk. Han fekk til og med låna babygymmen til Sigurd. Det var gøy!

Før me var hos Turid og Sigurd, var me på Haukeland. Jarand var på hørselstest. Alt såg bra ut:-) Det tok litt tid før me kom i gong med testinga, for Jarand skulle sova under testen... Haha! Gjett om det var ein som var blid og glad og veldig vaken! Eg trilla rundt med vogna og vogga på vogna i nesten ein time før han var klar for testing;-)

onsdag, februar 22, 2006

Gratulerer med dagen!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!




Jarand gratulerer onkel Oddmund med 25 års dagen og pappen med 28 årsdagen!!!!!! Hipp hurra!!!!!!!!!!!!!!!

Skitur

Tirsdag var det tid for å ta ut nokre avspaseringstimar og prøva skia att. Klokka kvart over åtte fekk skia smaka snøen på Kvamskogen i antageleg minst 10 minus, skyfri himmel. Målet var ein bergensartom Tveitakvitingen, men det gjekk seg ikkje heilt til(måtte tilbake på jobb). Gråfjellet (1033) vart siste stopp i fantastisk ver og flott utsikt.

Dei fyrste solstrålane varma då eg kom på Såta. Det gjorde utsikten og.

Gråfjellet hadde flott utsikt, men ein litt kald trekk. Her er utsikten innover fjorden - bla. ser ein Oksen.

Holmefjord


På sundagskvelden var det tid for kakefest på Holmefjord. Onkel Oddmund e halvvegs til femti på onsdag og måtte feirast. Jarand koste seg med oppmerksomheiten og me andre stappa i oss alt for mykje kaka.

Kvamskogen


På sundag var det på tide å trimma bestemor. Ein relativt fredlig runde fekk me frå Aktiven - Steinskvandalen - Jonshøgdi - Aktiven. Flott vinterføre og vinterver.

Torefjell

Laurdag vart årets fyrste tur til Torefjell(1060) gjennomført. Klarte å legga turen til den mest disige perioden på dagen. Fint va da lell med nesten vindstille på toppen.
Bildet er teke mot Norheimsund.

tirsdag, februar 21, 2006

Besøk heilt frå Samnanger














Anna, Ole, Vemund og Brede tok turen øve skogen ein kveld i forrige veka. Kjekt å helsa på dei att, og håpar det ikkje vert so lenge til neste gong.

mandag, februar 20, 2006

Besøk av Hans og Ragna Helene

Jarand synst det var gøy å ta Hans i ansiktet... Hans som er vant til mykje frå hund og storebrødre godtok Jarand sine undersøkingar...;-)

torsdag, februar 16, 2006

3 mnd-kontroll


På tirsdag var Jarand på 3 mnd. kontroll, 1 veke før han blir 3. mnd.

No veg guten vår 6140 gram og er 59,5 cm lang! Han har med andre ord dobla fødselsvekta si og gjennomsnittleg vakse 1 cm i veka:-)

Jarand var blid og glad på helsestasjonen. Han smilte masse både til helsesøstera og til legen. Han grein berre litt når han vekk vaksinesprøyta.

Då han kom heim igjen var han veldig trøtt!

tirsdag, februar 14, 2006

Folk og røvarar på Bakka

Opphaldet på Bakka baud på møte med mykje folk og faktisk Jarand sitt fyrste møte. Bakka grendalag kalla inn til medlemsmøte, og då måtte nesten lagets yngste medlem stilla. Iallefall sidan det var sjansar for at mor hans fekk stappa i seg nokre lappar.


Synneva vart åtti forrige søndag. Gratulera so mykje me da! Her har ho fått Jarand i skikkeleg godlage.


Liv Marit og Jarand

Kari Traa skal køyra kulekøyring og far og son fylgjer med. Det vart sylv, men me var einige om at ho va best.

Søndag va da morsdag. Jarand hadde handla inn ein sjokolade te mor si, og klarte nesten å levera pakken sjølv.

Bakkanosi

Bakka har fantastiske fjell på alle kantar. Laurdag var det tid for å fullføra prosjektet frå forrige gong me var på Bakka. Sist var det slutt i Lyngskaret - denne gongen gjekk turen heilt til Bakkanosi. Klokka halv ti sette eg meg i bilen - knappe 10km, rundt 900 høgdemeter seinare stod eg på toppen og kunne nyte utsikten av Nærøyfjorden, Storebreen, Vindeggi, Syrdalsbreen - og jammen var ikkje Hurrungane nesten krystallklare å sjå i horisonten.
På veg ned kunne det fort vorte eit stygt uhell då kneet traff ein stein, men heldigvis gjekk det verst utover buksa. Litt dårlege snøforhold for å trena telemarkssvingane og tilskyande ver gjorde lyset flatt.
Itte knappe tre timar på tur kunne eg fornøyd setja meg i bilen og nyta rosinbollane som ikkje vart oppetne på turen.

Frå Bakkanosi - Breidskrenosi te venstre. Nærøyfjorden... Hurrungane e og med.

Bakkanosi 1398moh. Sjølvutløysar e morro :-)
Storebreen e dan markerte toppen i bakgrunnen. Syrdalsbreen lengre bak te venstre. Vindeggi (1100moh) rett øve dan vetle kløfti (Nærøyfjorden)

Slettedalen frå Lyngskardet mot Jordalen. Skyene kom fort og i høgden vart det skodde.

Bakka

Bakka e fantastisk. Utruleg fint å ha ein slik plass å komma te. Utruleg avslappande å vera der.

Stemingsbilete frå fredagskvelden. Månelyst og flott.
StemingsbileteII frå fredagskvelden.

torsdag, februar 09, 2006

Navnestatistikk

I 2005 var det 7 gutar som fekk namnet Jarand. Det er ikkje så stor sjanse for at guten vår kjem til å gå i klasse med ein med same namn;-) I alt er det

21. november blei det født 4 barn på Voss sjukehus. Jarand og ein til kom til verda med keisarsnitt. Den andre keisarsnittguten heiter Per Jaran. Artig synst no eg:-)

http://www.ssb.no/navn/

Resultat av navnesøk
Du søkte på mannsnavnet: Jarand
Det er 228 menn som har Jarand som første fornavn.

Det er 205 menn som har Jarand som eneste fornavn.

Jarand har rulla!

I dag rulla Jarand frå magen til ryggen. Jippi!!!! Det blei med det eine rullet så langt. Då eg la han tilbake på magen, var han berre oppteken av å syga på handa si.

tirsdag, februar 07, 2006

Besto og Gullfaks










Besto introduserer Jarand for favorittkatten Gullfaks. Om Jarand tykkjer Gullfaks e lika fin so da besto tykkje Gullfaks e, kan vel diskuterast itte bildet til høgre å dømma.

Sugebehov

Jarand har eit stort sugebehov. Han har ikkje funne heilt ut av korleis tommelen fungerar endå, men om ikkje tommelen ve, so tek han likagodt heila hånda. Da ser ut so da gjer nytten da og.

Bestemor og bleieskift

Bestemor fekk friska opp i rutinane med bleieskift. Da gjekk veldig bra, so då veit me kor barnevakta e å finna.