I går var Jarand på 2 1/2 års-kontroll. Alt ser bra ut:-) Han ser ut til å utvikla seg nett som han skal. No er han 89 cm høg og 13,7 kg tung. Han er ikkje så høg, men følgjer sin eigen kurve heilt jamt. Kurven var heilt jamn på vekta og. Jarand syntest det var veldig kjekt hos helsesøster, for ho hadde så utruleg mange spanande leikar.
Ellers var det litt morsomt/pinleg på venterommet på helsestasjonen. Då me kom var det eit par med ein liten baby på venterommet. Medan mora sat og amma babyen sovna faren i sofaen. Han begynte å snorka. "Sjå mamma" sa Jarand og syntest det var veldig artig... Mora prøvde diskre å vekka mannen, men stakkaren trengte nok den søvnen han kunne få;-)
Jarand seier stadig nye ord og namn. No har lært at eg heiter Astrid. Eg kom heim slik at eg nett rakk å gi han klem før han skulle leggja seg i går. Då var det "Natta Asti, natta Asti, natta mammo, natta Asti". Eg trur han synst det var veldig artig å seia namnet mitt, men det er no kjekkast å vera mammo. Jarand slit med å få rett endingar på orda. Det blir fort pappo og mamma. Innimellom seier han -oe på slutten av orda, slik som "pattoe" = "teppet".