søndag, april 29, 2007

Jarand og Pernille

Pernille er litt interessert i Jarand. Ho lar han nett komma så nære at han kan ta litt på ho. Om han blir for ivrig flyttar ho seg. Ho går litt vekk og så ventar ho på han. Jarand er veldig entusiastisk! Kattar og hundar er kjempespanande!

Jarand fann hundebamsen og sprang etter Pernille og sa voffvoffvoff, Pernille blei ikkje så veldig redd;-)

Steinsdalsfossen

Medan Kjell Inge har vore på ski i helga, har eg og Jarand kost oss heime og på Holmefjord. Her er me turistar i eiga bygd;-) Steinsdalsfossen må jo besøkast med jamne mellomrom.
Jarand er ivrig på å komma seg ut av sykkelhengjaren.
Så mykje vatn!!!
Jarand likte best i springa ned stien frå fossen. Jarand meinte at både trillebåra og bamsen skulle vera med på tur. Han gjekk heldigvis med på å la trillebåra vera heime.

På tur med Silje og jentene


Jarand og Oda Linnea sov i vognene medan Thea Malin leika i barnehagen. Mødrene berre skravla;-)

Smil!


Far og son:-)

onsdag, april 25, 2007

Baking då straumen gjekk

Pizza er noko av det beste Jarand kan få til middag. 15. april skulle me laga pizza til Kjell Inge kom heim frå fjelltur. Akkurat då pizzaen var ferdiglaga, gjekk straumen... det var feil i ein kabel, så Kvam kraftverk måtte komma med agregat og greier før me fekk steikt pizzaen vår. Eg har aldri heva ein pizza så lenge! Men det gjekk då bra:-) Sjølv om det ikkje blei pizza, men kalde skiver på Jarand.



Jarand lot seg ikkje merka av at det var litt mørkare enn vanleg på kjøkkenet, for han fekk lov til å "vaska opp". Han stod i ein heil time og jobba. Det blei berre hylskriking når eg prøvde å løfta han ned frå stolen...

Sommar!!!

10 dagar etter det store snøveret var det nydeleg vèr i Bergen.

Tre staute karar!
Jarand dyttar Sigurd.
Brilleslangane kosar seg med ei Mummi-bok:-)

Snø i april

Når me for ørtiande gong trudde at våren var kommen, så kom det litt meir snø. Kjell Inge måka mest, men det er eg og Jarand som har fått dokumentert arbeidet vårt. Me måka så fint for me skulle få besøk, men så blei det så griseføre at dei kom ikkje opp til huset vårt ein gong;-)

Me klarte visst ikkje å ta bilete av besøket...



mandag, april 23, 2007

Tre fjell med Kvam turlag

Flott tur frå Kvamskogen til Sjusete over Byrkjefjell, Iendafjell og Fuglafjell

Bilder frå turen

Rapport frå turen

mandag, april 16, 2007

Berdalen

Palmesundag skulle da bli familietur på ski. Pulk, ski og to bilar med folk tok ut i retning Vikafjellet. Berre Magnar hadde fått med seg at vegen til Vikafjellet var stengt i Holo på grunn av ras, noko han kunne opplysa oss om då me kom til bommen før Holo. Etter litt diskusjon kom me fram til at Berdalen fekk bli nytt turmål. Berdalen er ein hengedal til Jordalen, og absolutt verdt eit besøk.

Jarand hadde sove i bilen, og begynte etter halvannantimes køyring å bli lei av å sitja i ro, så pulkturen vart ikkje teke med det beste humøret.

Det var likevel ein nydeleg dag, veret var fantastisk. Og Astrid knakk ikkje ankelen på denne påsketuren, slik ho gjorde førre gongen ho var med familien Tyssen på påsketur. Den gongen to månader gravid med Jarand.


Jarand og Bestefar nyt sola og ventar på nista.



Bakkanosi

Fantastisk fin tur på Bakkanosi på Palmelaurdag.

Omtale finn du her

Bilder finn du her

Melis, liksom ?

Nokre få minutt i einsemd på kjøkenet på hytta i palmehelga gav Jarand anledning til å finna ut om da verkeleg var kokain bestemor hadde i boksen i skapet. Han kunne, itte å ha sjekka HEILE boksen, letta konstatera at det berre var melis.

søndag, april 08, 2007

Jarand har fått sin fyrste dimplom. Itte han med stor innsats i haust klarte å få dei 30 poenga han måtte ha for å få diplom i Ålvik trimmen, har han no fått utdelt beviset på si bragd. Faktisk tok han 2 meir enn han trengde. Han slo derfor onkel Magnar lett. Barnetrim, so Jarand sa da (ref. Northug).

Jarand e so godt so heilt sikkert dan yngste so nokon sinne har fått diplom i Ålvik trimmen ca10 månader og 10 dagar gammal.

torsdag, april 05, 2007

Storbonden

Endeleg vart da ein tur til Bakka att. Lenge sidan sist no. Altfor lenge.

Laurdagen fekk me oss ein tur i geitefjøsen til Svein og Liv Marit. Jarand likar dyr, og koste seg i fjøsen, bortsett frå når geitene sleika på fingrane hans. Da va litt ekkelt. Fisefine guten.

Svein gir killingane mjølk, og Jarand lot seg imponera av teknikk og hastigheit på drikkinga.



To fjellturar

Bursdagsfeiring på Trollnuten for Magnar



Ein sjuk tur til Torefjell

mandag, april 02, 2007

Ledig hybel

Frå 1. juli kan ein ny heldiggris få bu i Liabrekka 14. Då er hybelen i kjellaren ledig;-) Kjenner du nokon som treng hybel i Steinsdalen, så er det berre å ta kontakt!

Såpebobler

Onkel Magnar er kjempeflink til å blåsa såpebobler, berre så synd at boblene varer så kort..;-)

Danseløve

Innimellom dansar Jarand litt for seg sjølv. Han er så søt atte:-)





20. mars blei Besto 55 år! Hurra!!!


Me klarte ikkje ta eit ordentleg bilete av jubilanten... men de kan skimpta ho i speglbilete i vindaugsruta;-) Gjestane sit klare til å eta bursdagskake. Pudding er kanskje ikkje heilt klar, for han åt litt for mykje hjort til middag;-)


Besto fekk ein stumtjenar frå oss. Jarand hjalp til med å setja den saman.

Rosinbollar, kanelbollar og godt selskap!

Sidan Jarand og Kjell Inge likar å baka bollar, inviterte eg babygruppa med pappaer (eller "vil-ha-baby-gruppa" som Kjell Inge seier sidan babyane er blitt store no) på bollar ein mandag i mars. Eg tok nokre bilete og tenkte de måtte få sjå dei som blei vellykka.