onsdag, april 29, 2009

Fjerning av stein

Det låg ein stor stein på plenen og enda større vart den når dei såg kva som låg under bakken. Inge og Kjell Inge jobba hardt, så no stikk det ikkje opp nokon stor stein lenger:-)

Dokketrille

Trilla var litt kort i ryggen, ellers gjekk dette her veldig fint:-) Kanskje ikkje nett egna for lange turar...

tirsdag, april 28, 2009

Barnedåp - del 1

Mari blei døypt i Bakka kyrkje palemesøndag, 5. april. 9. april 2006 er Jarand sin dåpsdag, det var og palmesøndag:-)
Onkel Tormod bar Mari til dåpen . Alle onklane hennar + Torbjørn og Synnøve var fadrar. Fadrar, foreldre og alle borna som var i kyrkja var framme i kyrkja under dåpen.
Synnøve tok av lua.
Stian og Malene tørka hovudet til Mari:-)
Marit svarte rett på spørsmålet til presten om kva me ikkje var så flinke på.... synging... me måtte øva på det. Julia, Stian og Malena var modige og stod framme og viste oss andre korleis bevegelsane til songane var.
Mari og presten, Trond heitte han.




Barnedåp - Del 2

Tormod har fått overlevert dåpslyset. Me må prøva å hugsa å tenna det lyset kvar palmesøndag. ...Hugsa å leggja det inn som hending i Outlook...
Eg og fekk halda lyset. Eg er jo litt redd for levande lys, så eg visste ikkje heilt kvar eg skulle gjera av meg;-)
Mari pratar med Trond og onkel Tormod.
Etter dåpen var me i skulehuset. Her er tre karar som ventar på mat. Dei måtte venta ei stund sidan nokon som heiter Marit måtte tilbake på hytta i Gudvangen for å finna kameraet sitt...
Ber kyrkjetenaren bordbøn her???

Barnedåp - Del 3

Maaaaaaaat! Kjell Inge tok fram sine kunsteriske sider og danderte spekematen som Nærøyfjorden og Ådlandsfjorden/Holmefjord.
Går dette her bra då??? Manglar me noko meir enn 2 stk. besteforeldre?
Då var alle på plass.
Me hadde ein pakkeleik for å få overrekt ei bursdagsgåve som onkel Oddmund ikkje har fått sidan han bur heilt nede i Grimstad...
Pakken begynte hos Line som skulle senda den til mannen som sat lengst vekke - Oddmund. Pakken måtte ut på tur før han fekk opna den;-)

Barnedåp - Del 4

Pakken var innom...
Dama med det finaste antrekket...
Mannen med det største magen...
Dama med dei finaste leggane...

Mannen med mest sexy rumpe...

Barnedåp - Del 5

Meir pakkeleik!
Dama med den finaste frisyren
Mann utan ring på sin finger og ved han side, Line med dei finaste augene!
Mannen med dei breiaste skuldrene.
Til slutt fekk Oddmund opna gåva som viste seg å vera sjokolade og eit bilete av ein redningsvest... Vesten var for svær til å dra på, så han fekk den nokre dagar seinare;-)
Etter pakkeleik og quiz var det endeleg KAKEtid. Nokon var meir klare for det enn andre;-)

Barnedåp - Del 6

Mari koste seg under dåpen og dåpsfesten såg det ut til. Ho var så snill i kyrkja atte! Etter kyrkja måtte ho ha seg ein god lur. Då ho vakna var det mange fang å sitja på.
Jarand leika med ballong og det var berre sååååååååååå gøy å sjå på syntest Mari!!!

Onkel Magnar fekk ballongen til å sitja fast i taket... heldigvis var det hjelp å få for å få ned att ballongen og...


Tusen takk for ein triveleg ein triveleg dag og god hjelp på førehand og tusen takk for alle dei fine gåvene Mari fekk!!!!!!!!!!!!!!!

fredag, april 24, 2009

Ka seie pappen no?


Jarand er bekymra for kva pappen seier om at eg har sagd sund den eine gamle hagebenken...

tirsdag, april 21, 2009

På ski ein fin dag i januar

Husarbeid

Jarand støvsugar på hytta. Det går bra med Mari på slutten;-)

Baking av brødpinnar, 30. mars

Eg prøver å følgja oppskrifta, medan Jarand tar seg kunstneriske fridomar og lagar brødpinneslangar. Deigen var god å jobba med, så den egna seg eigentleg til å leika litt med:-)



Mari måtte underhalda seg sjølv medan me andre bakte.
Ferdige:-) Måtte knekka pinnane i to for å få dei oppi kakeboksen...

Etterpå bakinga blei det lesing om Mamma Mø og kråka.
Kokeboka me fann oppskrifta i: Nybakt! av Marit R. Westlie.

Skitur på Kvamskogen. 25. mars

Det har ikkje blitt så mykje ski-gåing med Jarand som me hadde håpa denne vinteren. Som med så mykje anna har tida gått heilt ifrå oss. Jarand synst nok at nisto er det viktigaste med skiturane. Ein skal ha med kakappulver, termos med varmt vatn, sjokosjade og banan går også an. Skjeva? Nei, det går ikkje an å ha med på skitur, Jarand synst me er heilt teite når me kjem med sånne forslag. Då tullar me og ein som tullar det er ein tulling...

23. mars - i hagen

For ein månad sidan var det ein god del snø igjen i hagen vår. I barnehagen var sandkassen kommen fram under snøen, så Jarand var i skikkeleg sandkassehumør. "Mamma, kan du grava fram sandkassen?" Mari sovna fort, så spanande syntest ho det var...

Snøklokker under hekken.

På Holmefjord: Besto har bursdag, 20. mars

Mari og grandonkel Pudding. Grandonkel Arne i bakgrunnen.
Berre Mari:-)
Mari og bursdagsbesto leikar:-)