Me reiste frå Storsletta camping med vått telt, og veret var elles litt begredelig. Iallefall ingen grunn til å bli...
Dagen enda opp på Sortland hotell, itte ein vært lang dag i bilen, der me fresa rundt i Vesterålen og fekk med oss stader som Nyksund, Andenes og altså Sortland.
Det som på ein måte overaska oss litt med det me såg av Vesterålen var at det var mykje flatare enn i Lofoten. På ein måte vart forholdet som Hardangerfjorden mot Nærøyfjorden. Det var fjell i Vesterålen og, men dei var på ein måte litt rundare i kantane enn i Lofoten.
Dagens hendelse var vel då me gjekk på eit kjøpesenter i Sortland med eit mål for auga: få Jarand til å drita. Han klare jo stortsett detta greit sjølv, men da hadde vorte eit par dagar sidan siste leveranse, so me gjekk inn, fann oss ein skobutikk med salg te Astrid og lot Jarand leika med eit togbane-leikebord. Ikkje lenge etter fekk eg nok å gjera også, då eg måtte ta karen med meg på do for å byta på han. Astrid kjøpte heldigvis sko, så det var ikkje rein utnytting :-)
Me hadde og tenkt å overnatta på Andøya, elle Andenes egentlig, på hotell eller i rorbu el. Men da viste seg at adle tak øve hove på heile Andøya var oppteke. Det vart derfor ein pizza på ei tvilsom bule i Andenes for me tok vestsida (den klart finaste) nedatt til Sortland, der Sortland hotell kunne husa oss denne eine natta.

Ferja overHadselfjorden er heilt sikkert ein fin opplevelse, men denne dagen var det surt på dekk, og sterkt avgrensa sikt.

Det vart ikkje så mange stopp, og heller ikkje så mange bilder denne dagen. Her er me komme til
Nyksund. Nyksund har vore relativt mykje omtalt, då det har vore litt tilflytting dit igjen, etter at det var fråflytta. Veldig fin plass, so eg godt kan skjønna at folk får lyst til å bli verande på.

Her er eit bilde frå havneområdet i Nyksund. Nyksund består av to øyer som er knytt saman med ein molo (der biledet er teke). Ein får då eit fint havneområde. Ein annan molo gjer eine øya landfast.

Jarand og Astrid ser på båtar i Nyksund.

Sørover frå Nyksund. Vegen går i fjellsida. Grusveg den sist halvtimen eller noko slikt ut.

Frå Andenes...Me køyrde på Austsida nordover, der vegen er best, men det var på Vestsida det var finast. Eit norge i minityr der altså.

Andøya rocketrange. Tøft.

Flotte strender ved Bleik på Andøya. Manglar berre nokre plussgrader so hadde da vore langt betre enn syden.

Fina veret. Dar ute.