torsdag, mai 25, 2006

Ut på tur

Itte å ha demonstrert, høyrd på Terje Kolbotn og demonstrert endå litt te va da på tid for å ta seg ein tur i skogen og få litt orden på tankane...


Me storkoste oss begge to. Itte å ha pløyd opp fyrste bakken med terengvogna, vart Jarand plassert i bæresele på magen. Sidan eg i all beskjedenheit må sei at eg e nok sprekast og best til å føta meg, og sidan Astrid allerede leda med ni månader, vart det eg so laut bera. Da gjekk kjempefint og eg kunne iallefall ha gått mykje lengre. Jarand preika i eit køyr fyrste 2/3 av turen opp. Resten av turen sat han stille og naut utsikten.


Jarand sine fyrste 2 poeng i Ålviktrimmen e sikra på Kjepsoåsen. No treng han berre 28 te so får han diplom. Stolt e han iallefall. Trur eg. Trur bestemor e stolt og.


Nesten nede att. Trur fyrste turen i terrenget vart ein god opplevelse både for Jarand og dei tre so passa på han. Me rakk nett nedatt te Dagsrevyen og innslag om Ålvik.

Leve Ålvik, leve Ålvik, leve Ålvik

I Ålvik va da i dag demonstrasjon mot nedlegging av Bjølvefossen. Elkem ynskjer å flytta produksjonen til Island på grunn av prisen dei lyt betala for straumen etter at dagens avtalar går ut, iallefall e da da Elkem seie.

Det var bra med folk, rundt 600 seie bt.no. Tre av dei var frå Liabrekka14. Mine fyrste ærleg tente kroner fekk eg frå Bjølvefossen. Det skulle derfor berre mangla at me stillte opp.

Under ei bjørk, i ly for regnet høyrde me på Terje Kolbotn. So får tie visa om Jarand blir ein god sosialist av da.
Toget på veg tilbake til Folketshus frå Torget.
Meir om Ålvik 0g Bjølvefossen
www.hordaland.no
www.bt.no
www.vg.no
www.frifagbevegelse.no
Bløffet oss i valgkampen
Grådighetskultur

Ei god bok om Ålvik og Bjølvefossen får du på biblioteket

Vatn e morro

Å bada i dan nye store badebaljen e jevvla morro!!


Jarand fekk badeleika av Vemund, Brede, Anna og Ole. Dan e kjempekjekk. (Fø so lenge han ha dan å konsentrera seg om, spruta han ikkje meg fodle av vatn)

Jarand trenar

Da e riktig nok snart tre veke sidan, men her e no ein litt artig bildeserie. Sjekk utrykket i ansiktet til guten på bilde to :-) Da e ein so jaggu tek i! Situps tykkje han iallefall e stas.

1/2-årskontroll

23. mai var Jarand på 1/2-årskontroll.

Han er no 67 cm lang, 8136 gram tung og 44,5 cm rundt hovudet.

Jarand var hos helsesøster og hos legen. Begge var nøgde med han:-) Guten vår ser ut til å utvikla seg slik han skal:-)

tirsdag, mai 23, 2006

23. mai!!!!!!!!! Johannes alias Agenten 65 år!!!!!!!!!!!!

På tur til Burlifjellet. Drikkestasjon under Høysteinen.


Gratulerer med dagen til Pappen/Svigerfar/Besten frå oss tre i Liabrekka 14:-)

Jubilanten fekk ikkje det han ønska seg til bursdagen, så han kjøpte det sjølv:-) http://www.volvo.com/trucks/norway-market/no-no/trucks/intro.htm?sel=3 Gratulerer med ny lastebil!!!! Jarand gler seg til du skal ta han med på tur i lastebilen!!!


søndag, mai 21, 2006

21 mai Jarand 1/2 år!!!!!!!

Jammen går tida fort!!!!!

Dagen blei feira i Besten sitt kakelag. Besten blir 65 den 23. mai. Den eine kaka var pynta med bananskiver, slik at Jarand "fekk kaka" og.



Her er luringen vår, som til og med har fått presangar. Magnar kjøpte caps og me kjøpte redningsvest til han då me var på handel i Grove på laurdag.

På sjølvaste 17. mai begynte Jarand å prøva på å komma seg opp på alle fira. 19. mai klarte han det, men ramla fort ned att;-) Når han ligg på magen på golvet, snur han seg rundt for å sjå på det han vil. Han åler seg bakover på golvet, lenger og lenger vekk frå tinga han gjerne skulle hatt tak i;-)

I matvegen, så går det i brystmjølk. Me prøver å gje han tran, men det er lett å gløyma det... Han får smaka banan og grauttilvenninga er ikkje langt unna.

lørdag, mai 20, 2006

Magnar e på besøk

Sio bestemor og bestefar har rømt landet ville onkel Magnar komme på besøk denne helga. Da va jo kjekt. Jarand e iallefall veldig glad fø å få sjå skiskyttaronkelen sin litt meir. Me andre kan no styra vår begeistring. Haha..


Fredagskvelden tok underteikna og Magnar med oss Jarand på tur. Her har me pause eit stykke over Nyasete, som ligg mellom Liabrekka og Kvamskogen. Her fekk me prøvd offroad eigenskapane til nyevogna litt meir enn tidlegare. Utruleg bra. Itte Nyasete gjekk turen nedatt på skogsvegar til Rosseland og heimatt itte bilvegen. Rundt ei mil. Ein fin tur so gjer at ein blir endå meir glad i vogna me har kjøpt.





Når Jarand e på tur me oss so får han gjera nett so han ve. Da innbefatta å sutta på saukjandemai leikene te mor si, som e frå tidleg åttital og sikkert full av giftige fargestoff. Gult e kanskje kult, men grønt e skjønt da e herved bevist.

Kvelden vart fylt med monopolspeling og pepsi. Astrid vann. Who cares.

Hipp hipp ?

Saukjandemai kom i år òg. Da regna i år òg. Me måtte ikkje gløyma krigen i år òg. Alt va so vanleg, og so da ska, altso.

Dagen vart feira på Holmefjord. Detta skulle vel då bli Jarand sitt fyrste saukjandemai tog. Jarand sitt fyrste tog, faktisk. Te venstre har me kjernekarane frå Samnanger - Ole, Vemund og Brede.

Saukjande kan gjera mykje løyje med folk. Her e utsikten frå "gamlevegen" på Holmefjord presentert av underteikna.

Arne Holmefjord spelte politimann i teaterstykket me aldri fekk sjå pga. plassmangel i Bygdaheimen. Kanskje me får sjansen att seinare.

Konfirmasjon


























Festdagane står i kø i familien Tufte denne våren. Førre helga var det tid for den fyrste av to konfirmasjonar. Mai Lisbet skulle feirast og me var so heldige å vera invitert.

Me va faktisk so heldige at me fekk tilbringa heile helga frå fredag til søndag hjå Mai Lisbet, Ann Kristin og Gullbjørg på Kyrkjebø.

Jarand storkoste seg sjølvsagt, han suge jo te seg oppmerksomheit uansett kor han e. Og elska da.


Jarand og Ann Kristin trefte kvarandre for fyrste gong denne helga. Trur dei kom godt overeins.

Jarand fekk prøva eit Casio tangentbord, her under kyndig(?) veiledning av Gunnbjørg. Det likte han svært godt. Kan godt ve han ønska seg eit slikt te jul. Og trommesett.

Utan for kyrkja traff me på denna stramme vetle karen. Han heite Stian og e Jarand sin tremenning. Ein kjekke kar, so e ein jekel te å "eta" sjokoladepudding.

torsdag, mai 18, 2006

tirsdag, mai 09, 2006

Onkel Tormod på søndagsbesøk

Grillmat er godt:-)

Onkel Tormod er omsorgsfull og drar vogna etter seg, så Jarand ikkje skal få sol i fjeset.

Naboen lurer på kva slags folk me har drege med oss...

Her har me vore på tur og skrive oss i poengboka og sett på høgspentlinja som kryssar skogsvegen øverst i Liabrekka.

Håpar du kjem på besøk igjen snart onkel Tormod, sjølv om du har skumle bilete på T-skjorta...!

Gode vennar


Jarand har mange vennar. Her er han saman med kompis Hare Harepus. Harepus er veldig kjekk og grei, for han er alltid eining med Jarand og har ingenting imot å bli dregen i øyrene. Hare Harepus tilhøyrde mamma når ho var liten. Viss besto hugsar kven mammo fekk han av, så må ho skriva det i kommentarfeltet;-)

Babytreff

Ein gong i veka er eg og Jarand på babytreff. Det er veldig koseleg:-) Her er bilete frå dei to siste treffa. I dag var me i Liabrekka. Vèret var nydeleg, så me koste oss i hagen. Forrige veka var me hos Camilla i Øystese. Då var det innevèr, men det la ingen dempar på stemingen:-)

Heidi med Astrid på fanget. De har jammen funne eit fint namn til jenta dåkas:-)

Asgaut, Kevin og Jarand i leikegrinda.

Silje, Camilla og Sarah Linn.

Improvisert soltak:-)

Jarand og Astrid. Jarand er diverre ingen gentlemann enda. Han har litt å læra! Han tok alle leikane frå Astrid og tygde i veg på kosekaninen hennar...

Her er nesten alle karane i gruppa: Asgaut, Isak, Tobias og Jarand. Isak har genser som det står "sjefen" på, berre synd at dei andre ikkje kan lesa...