Kjell Inge skal bli god skogahoggar, så han er i opplæring hos Agenten. Det har til no berre råke ei startsnor på ei motorsag... Kjell Inge har potensiale i skogen, for han klarar å hugsa kva skog som er vår. Eg held meg heima, for eg vil helst ikkje komma på kant med Beate eller Silje ved å stela av skogen deira...
torsdag, juni 29, 2006
Me har ikkje tenkt å frysa til vinteren...
Kjell Inge skal bli god skogahoggar, så han er i opplæring hos Agenten. Det har til no berre råke ei startsnor på ei motorsag... Kjell Inge har potensiale i skogen, for han klarar å hugsa kva skog som er vår. Eg held meg heima, for eg vil helst ikkje komma på kant med Beate eller Silje ved å stela av skogen deira...
Han krabba!!!!
Tur til Kvanvik med babygruppa
Så var det tid for damer og babyar å slå seg laus på tur...! Mødrene bar både sekk og bæresele på turen til og frå hytta. Jarand hadde nisteboks med seg for første gong. Han var så ivrig på leverposteiskivene at han heldt på å eta opp sjølve boksen.
Hytteeigaren Asgaut slappar av på sofaen.
Scott var òg med på tur.
Grillmat smakar ekstra godt på hytta!
Sauene til Silje og Sigve ville sjå kva slags folk som kom, men Sigve sa at det fekk dei ikkje lov til og at Silje skulle jaga dei til fjells att. Silje sprang og stod på men sauene var ikkje samarbeidsvillige, så bonden måtte komma og jaga sauene sjølv.
Takk for ein fin tur!!!!
onsdag, juni 28, 2006
12. juni Kongevegen (Holmo-Styvi) tur retur
Itte dan finaste junihelga sidan pinsen 2004 (no e da mulig dan va i mai, men anyways) - vart me att på Bakka ein dag ekstra. På måndagen fortsette veret lika fantastisk.
Me hadde tanken på å gå Kongevegen hadde frista oss, og fristelsen vart ikkje mindre av Kongeveret. Som vanleg va me tidleg påan og alle mann va i båten allerede te klokka halv eitt.
Itte å ha krusa på stille sjø dan halve sjømile frå Bakka te Holmo va da ut på tur. Jarand på underteikna sin mage. Sekken for ein gongsskuld på Astrid sin rygg.
Tre og ein halv time brukte me på turen med ein god pause på Odnes på veg ut. Ein pittliten prat med storbonden på Styvi rakk me og.
Då me kom tebake te båten, kom me på at det er noko som heiter flo og fjøra...båten hang nemleg på halvåtta...(ikkje sei da te mammo)
Skippern på skuta, Jarand, får oss trygt over te Holmo.
Nyabrygga i bakgrunnen. Jarand har framleis full kontroll på fartøyet.
These guys are made for walking. Trivselsfaktoren var høg både for far og son.
På Odnes tok Jarand seg ein halvtime under ulltrøya te far sin. Meir idyllisk kan da vel knapt bli. Eg og Astrid koste oss med nybakte bolla.
Frå kaien på Styvi har ein fin utsikt innover verdens vakraste fjord. Midt i bildet e rimstigen der Stølsvegen frå Bakka kjem opp.
Astrid og Jarand likte seg på tur.
Odnesfossen e flott å sjå te. Vatnet kjem frå Nisedalen 600 høgdemeter høgare oppe.

mandag, juni 26, 2006
Jordalsnuten 11.Juni

Søndag 11 juni var det kart for å kompletera Nærøydalsryggen, som me gjekk resten av eit par gonger i fjor, men lot Jordalsnuten vera att - for noko måtte me jo gjera i år og.
Da gjekk litt tungt i liane opp frå Jordalen. Laurdagen vart lang med opning av verdsarvområdet og feiring med grilling og god drikka på kvelden. Og natta. Likevel var me i gong før klokka var tolv.
Itte mellom to og tre timar var me på toppen 500høgdemeter over der me starta, da va ein perfekt dag å vera dar - nesten vindstille(berre litt trekk so kjølte oss ned), varmt, og klart i veret elles.
Jordalsnuten baud på flott utsikt, sjølv om den må sjå seg slått av fleire av toppane lengre ute på ryggen.
Det fyrsebildet viser turmålet sett nokre dagar etter bestigninga frå Stalheimskleiva. Køyr den om du er i nærleiken. Og ikkje redd for bratte svingar. Stiging 1:5 på da brattaste.
Underteikna poserar slik ein topp-bestigar bør posera.
Magnar klatra og på varden på toppen for å posera. Godt nøgd med å endeleg vera på toppen av Jordalsnuten.
Utsikten nedover Nærøydalen. Kjelsfossen - verdens 8. (?) lengste foss. (Totalfall) . Skjerpi, skjerpisnuten, Ramsøynuten, Nebbet (der dei hoppar frå under Ekstremsportveko denne veka). På fjellhylla litt over raset midt i bildet budde det folk for mange år sidan på ein gard som heiter Solbjørgo.
Utsikten oppover Nærøydalen med Stalheimskleiva og Stalheimsfossen. Lønahorgi ser ein og midt i bildet.
fredag, juni 23, 2006
7-mnd. kontroll
Torsdag var Jarand hos helsesyster for å få Pneumokokkvaksine (mot hjernehinnebetennelse). Denne vaksinen er nyleg kommen inn i vaksinasjonsprogrammet for småbarn. Barn under 2 år bør ta den, men den er kun gratis for barn født i 2005. Jarand har heldigvis trygda si, så han har råd til vaksinen.
Dersom de synst at alle burde få vaksinen gratis, kan de vera med på underskriftskampanje her:
http://www.opprop.no/opprop.php?id=vaksine
Kontrolltala denne gongen var:
Lengde 68,2 cm
Hovudomkrets: 45 cm
Vekt: 8790 g
Jarand følgjer gjennomsnittskurven, nett som far hans gjorde då han var liten:-)
Så var det krabbinga...

Nett no trur Jarand at løysinga er å gå på tærne...

mandag, juni 19, 2006
Sigurd og Turid kom på besøk
Kjekt å få besøk!!! Jarand blei litt for entusiastisk og heldt litt hardt i armen til Sigurd... Sigurd trengte litt trøst frå mammo si då. Smågutar er ikkje nett forsiktige... Elles gjekk det fint! Jarand synest at det er veldig kjekt å vera saman med andre barn!!! Og eg likar veldig godt å få besøk av venninner:-)
Fleire som utforskar verda
Denne karen (eller dama) virrar rundt i Liabrekka for tida. Han kjem ifrå det store treet i hagen vår og burde kanskje heldt seg der litt lenger. Då kvelden kom prøvde han i alle fall å hoppa opp att i reiret. Haha! Det gjekk jo bra... så fortsette han med å gapa til insekta som flaug forbi. Eg la fram litt brødsmular, men dei var han ikkje interessert i. Brødsmular var vel ikkje rett kost for skjorer. Synst no litt synd i han! Eg har ikkje sett han i dag, kanskje han har forstått det med fykinga???
Korleis er det ein gjer dette her!

19. mai var Jarand for første gong oppe på alle fire. Etter den tid har han trent og trent... Me føler at han er så nære eit gjennombrot, men han har ikkje funne ut korleis ein krabbar enda. Det er skikkeleg frustrerande for Jarand, for han vil så gjerne framover! Han kjem litt framover når han ligg på magen òg, men som regel går det bakover eller til sida.
Jarand er blitt ein stor gut! Han har bytt ut vogga med grindsenga, me var litt redde for at han skulle detta ut av vogga... han er aktiv:-)
Heldiggrisen har arva høgstolen til Malena og Stian, så no kan han endeleg sitja ved bordet med oss:-)

tirsdag, juni 13, 2006
Verdsarvopning
Nærøyfjorden og store områder rundt vart verna i 2003. I 2005 vart fjorden og området rundt saman med Geriangerfjorden innlemma på UNESCO si verdsarvliste. No på laurdag fann den offesielle opninga av verdsarvområdet stad på Bakka.
Tidleg laurdag morgon. Dei siste førebuingane vert gjort.
Kongeskipet Norge ligg utanfor Bakka. I underkant av 2000 kom for å sjå på opninga.
Dronning Sonja avdukar plaketten utanfor skulehuset på Bakka. Ho gjorde forøvrig ein svært god figur.
Meir om opninga og Unesco World Heritage :
Unesco sine sider
Avisa Hordaland
Bergens Tidende
Sogn Avis
Verdsarv-arbeidet sine sider
Grovt kart over området
Tidleg laurdag morgon. Dei siste førebuingane vert gjort.
Kongeskipet Norge ligg utanfor Bakka. I underkant av 2000 kom for å sjå på opninga.
Dronning Sonja avdukar plaketten utanfor skulehuset på Bakka. Ho gjorde forøvrig ein svært god figur.Meir om opninga og Unesco World Heritage :
Unesco sine sider
Avisa Hordaland
Bergens Tidende
Sogn Avis
Verdsarv-arbeidet sine sider
Grovt kart over området
Fotballtur
2.pinsedag var det fotballkamp mellom Sogndal og Manglerud-Star. Jarand og Astrid vart med Kjell Inge og Magnar for å helsa på onkel Hallgeir. Og kanskje gå på fotballkamp. Det vart ikkje fotballkamp men godt selskap i hagen til Hallgeir på dei to. Fotballkampen var ikkje allverden å snakka om - ein skamdårleg dommar øydelagde iallefall kampen om han ikkje ødla resultatet for Sogndal sin del og.
Pizza på Dolly Dimples.
Jarand kosar seg i hagen til Hallgeir.
Pizza på Dolly Dimples.
Jarand kosar seg i hagen til Hallgeir.
Konfirmasjon
Gunnbjørg skulle konfirmerast på Bakka fø litt øve ei veka sidan. Me var so heldige å vera bedt. Smalahove stod på menyen i fylgje innbydelsen, men skuffelsen vart stor då det viste seg å vera berre ei simpel lammesteik so vart servert :-)
Då Gunnbjørg vart ein ekta kristenjævel. Gratulera.
Gunnbjørg utanfor kyrkja på Bakka.
Da va mykje flott folk i konfirmasjonen. Her e tre generasjonar tyssen-boys samla. Og ein inntrengar frå tufte-folket.
Dessa to kjem nok te å finna på mykje faenskap me tie. Da e berre å passa seg.
Sju sognebunader samla utan for skulehuset på Bakka.

Rimstigfjellet
Me var på Bakka førre helga, og nokon måtte jo berre te fjells. Magnar vart utskremt so velvillig turfylgje. Frå Bakka te Rimstigfjellet e da nesten 1300 høgdemeter. Veret var svært varierande med herleg nysnø på toppen.
Magnar på rundt 850moh. Rimstigen ligg under han og snøen oppå.
Bakkanosi sett frå Rimstigfjellet.
Magnar på Rimstigfjellet 1295moh. Bak han ser me Bakka.
Bakka sett frå Rimstigen. Finaste plassen i verda.

Torefjell
Onsdag for to veker sidan vart da endeleg tur te Torefjell. Da va jevvla flott.
Da e vel sånne daga og sånn utsikt so detta so gjer at vestlandet e best?
Snøen og vinteren har ikkje heilt gitt opp på "baksida" av Torefjell. Myklavatn midt i bildet.
Da e vel sånne daga og sånn utsikt so detta so gjer at vestlandet e best?
Snøen og vinteren har ikkje heilt gitt opp på "baksida" av Torefjell. Myklavatn midt i bildet.
Abonner på:
Innlegg (Atom)