onsdag, desember 09, 2009

Gåstol

Mari fekk seg stol til bursdagen av Tormod og Line. Den er fin å gå tur med for ei lita jente som synst det er kjempekjekt å gå, men har vore litt skeptisk til gåing utan å ha noko å halda seg i;-)

fredag, desember 04, 2009

Bursdagsfeiringar

Me har sørga for å samla bursdagane til ungane i november. Alle to. Derfor gjekk to helger "med" på feiring av søte små...


Mari får god hjelp til å åpna pakkar av Jarand. Mari forøvrig mest oppteken av papiret.

Middagsselskap med to onklar og fire besteforeldre. Etter middag var det ein begredeleg fotballkamp som stod på programmet. Sogndal rykka ikkje opp. Flagget på halv stang. Mari sin fyrste bursdag vert ikkje eit godt minne.

Jarand hadde og bursdag i November. Her har han fått pakka ut ski. Åsnes Snømann. No håpar både han og faren at det ikkje er så lenge til me får prøvde dei.

Eit lite kosleg barneselskap vart det også. Håkon og Eirik frå utegruoppo, og Even som er bror til Håkon og bur i nabolaget. Og som har vore ein liten helt for Jarand.

På kvelden var det middagsselskap med besteforeldre og Tormod og Line. Og etter middag vart det kake.

Takkar for alt det fine begge ongadn fekk til bursdagane...

TurMari

Mari har fått prøvd seg litt på tur i haust sidan eg og ho har hatt tid til å fjasa rundt på fjellet åleine heile to dagar i veka.


Etter to dagar i permisjon var det tid for vår debut. Den gjekk til Torefjellsflyane. Ein fin liten rundtur i området over Sjusete skistadion.
Her har Mari fått sine fyrste ekte ferske blåbær rett frå lyngen. Trur kanskje ikkje fyrsteinntrykket var det beste, men jammen har ho likt blåbær ittepå.

Mari vart liten i bæremeisen...

Angriiiiip kamera. Ho vart glad når ho endeleg slapp laus og fekk krabba litt på berget sånn ca rundt Forsete.

Etter krabbing kjem søvn. Og for bæraren var det godt å få bekrefta at Mari og kan sova i bæremeisen. Nemleg veldig praktisk med ungar som kan sova i bæremeisen.

Her er me på veg over Skeisheii. Ein tur som etterkvart skulle visa seg å verta ganske våt og utriveleg, og det var nett før me ba om hjelp til å komma oss tilbake til bilen. Men etter eit kvarter under tak i eit elles øde skiannlegg i Eikedalen, kom e oss i veg, og gjekk heile vegen tilbake til Jonshøgdi/Wallemtunet. (Må nemnast at eg vart omtalt som tøff, av eit par i eit sel i Skeiskvandalen, som kom her med ein liten onje. Du ska vel ikkje gå heilt tilbake til bilen?)

Solhellanuten er ein favoritt, og Mari lika seg der og.


Søen var kommen på ein 500moh, og me laut opp og sjå på den. Såta vart valgt, og Mari stortrivdes på toppen. Om det var utsikta, eller kakaoen og yogurten som gjorde utslaget er eg usikker på.

Ein laurdag Jarand var sjuk, og trengte litt fred i huset tok eg med meg Mari til Fitjadalen. Me gjekk forbi Døgnope til Soldal og Hovland før me gjekk tilbake over Laupsaflyane. Ein fin tur, men Mari vart litt kald på slutten, og ikkje hadde me tid setja oss ned å kosa oss litt heller, for mørket kom fort.

lørdag, november 28, 2009

Julegåveønskjeliste for dei søte små


Tusen takk for alle dei fine gåvene ungane fekk til bursdagane sine!!!!! No hadde eg eigentleg tenkt å blogga bursdagar og greier og greier, men så har eg ikkje tilgong til bileta våre... då blir det jo litt keisamt... I stadan for så kjem julegåveønskjelista til ungane, sidan me har fått nokre spørmål etter den.

Mari og Jarand

  • Dynetrekk, lengde 1.40
  • Sandkasse- og uteleikar
  • DVDar, altfor glade i å sjå på tv begge to... Jarand blir nok veldig glad for Istid 3 (Kjøpt:-), ellers så har han dilla på Snipp og snapp, Donald osv. Dei ser det meste frå Drømmehagen til Top-gear.... Jarand ser alt han får lov til å sjå, særleg om det kan utsetja legginga om kvelden. Han må for eksempel sjå om det er noko interessant på Vestlandsrevyen før han kan pussa tennene...
  • Bruder-leikar eller utstyr til Jarand sin John Deer-traktor
  • Småbilgarasje med bratt veg og heis

Jarand

  • Bilveg til å byggja lego på
  • 2-delte pyjamasar i str. 110
  • Truser/Boxarar i str. 110

Sett på leiketikken på Vossevangen:

  • Plasto bossbil
  • Bruder raud trakor med grav

Knapt mogeleg å få for mykje gode ullklede;-) Han brukar str. 104 no.

  • Hestra vottar med ullfor
  • Strikkebukse
  • Ulljoggebukser
  • Ullvottar

Mari

  • Mari har mykje gode klede etter Jarand og fine kjolar etter Malene. Me trur ho har det meste ho treng i str. 74 og 80, sjølv om det er alltid kjekt med nye feminine innslag. Ho ønskjer seg kanskje mest litt jentete klede i str. 86 og oppover, sjølv om det er ei stund til ho kan bruka dei... No er ho 71 cm...
  • Peikebøker, me har dyrebøker.
  • Hårstrikk
  • Drikkeflaske, men unngå 07-merket på plastflaskene. Kanksje 05-merket og? Anar ikkje om det står for noko skummelt....
  • Duplobyggjeklossar.

søndag, oktober 25, 2009

Mari 26. september

Mari - 25. september

Mari er ikkje alltid lite lett å ta bilete av eller filma, for ho skal ta kamera. Blir mykje nærbilete;-)

Oppslukt av barne-tv











Rundt Fitjadalsvatnet - 18. oktober

Sist helg brukte me store delar av dagen på å gå rundt Fitjadalsvatnet. Jarand og Tigeren skulle gå fremst og telja oss. Dette er noko dei byter på å ha ansvar for på utegruppa i barnehagen.
Kule folk på tur!

Litt av Fitjadalsvatnet.
Han som skulle gå først blei stadig distrahert av kjekke ting å driva på med langs vegen. Det var så utruleg gøy at det var is ein kunne knusa på dammar. Eg hadde gløymd hua mi, så eg brukte hetta på jakka og såg ut som eg skulle på polferd...

Del 2 Fitjadalen

Hvem er det som tramper på min bro?
"Men kor e trolle?"
Her kom det to bukkene Bruse i slengen.
Nei!!! Det er ikkje der ein skal gå... Det er kanskje like greitt at Mari ikkje går aleine enda. Ho likar veldig godt å gå, men må halda seg i noko.

Del 3 Fitjadalen


:-)

Me hadde sett frå oss sykkel og barnevogn i enden av vatnet, slik at turen på asfalt tilbake til bilen blei litt kjekkare. Me stoppa ved Blekel og åt opp resten av nista vår: lappar og kakao:-)
Sykkelhjelmen låg diverre igjen heime... Jarand har ikkje heilt fått dreisen på syklinga enda, så Kjell Inge hjalp til med å skubba og styra. Her går det veldig fint!

Onkel Tormod les for Jarand

Ser ut som om Jarand kosar seg. Ikkje godt å seia kva Tormod gjorde, men han las i alle fall mange bøker for Jarand. Her er det testlesing av ei kulturfondbok: Schluuk av Rune Johan Andersen. Jarand likte boka veldig godt, medan me andre synst at den var litt rar.

Her om dagen sa Jarand "Da e`kje deko so bestemme, da e Tormod!". I følgje Jarand så må me byta på å bestemma. -Pappen, Mammo, han sjølv, Mari og Tormod. Dei to siste dagane har pappen bestemt. Forrige helg sa Jarand at Mari skulle bestemma neste helg. Eg er usikker på både kva Mari meinar når ho bestemmer og kortid det blir neste helg i Jarand sitt hovud. Det kjem nok til å gå mykje i klatring om Mari får bestemma. Ho prøver å klatra opp over alt for tida, heilt utan nokon grense for kva som er trygt og realistisk at ho skal klara. Ho held seg fast og strekker ut beinet i håp om å komma over kva som helst slags hindring. Det er jammen godt at ho er liten, så det er litt mindre ho rekk opp til...;-)

Ved lavoen, 10 oktober

Spøkelsesmari..
Litt saging må til!
Laurdag 10. oktober var me ein kveldstur ved lavoen i barnehagen. Jarand hadde mista Ferrarien sin, så me tenkte me skulle leita etter den. Me fann ikkje bilen, men koste oss med kakao og laurdagsgodt:-) Kanksje Jarand lærer å passa betre på bilane sine no når ein av dei blei vekke??? Han har hatt mykje flaks med å finna dei igjen tidlegare....

fredag, oktober 16, 2009

Stor sekk eller liten gut?

Jarand er veldig flink til å hjelpa når han har lyst. I dag hjalp han meg med å leggja ved i la. Han sa at han var ein hjelping når mammo trengte hjelp:-)

mandag, oktober 12, 2009

Bursdagar i november

Jarand er ikkje så oppteken av kor gammal han er, men han er veldig oppteken av det å ha bursdag. Han gler seg veldig til det er hans tur!!!! Når det har vore noko han har lyst på så har eg sagt at han får ønskja seg det til bursdagen. Sidan eg har sagt det så har me planlagt bursdagen hans sidan juni...

Han har planlagt at han skal ha med saft-is i barnehagen, for det var det nokon andre som hadde og det var kjempegodt. Torleif skal få komma i bursdagsselskap til han og dei skal eta pepperkaker. Eg har sagt at eg kjenner ikkje foreldra til Torleif, men at me kan leggja lappe i hylla hans i barnehagen. Somme dagar vil ikkje Torleif vera med Jarand i barnehagen, når han er sånn då får han ikkje komma i bursdagen heller, seier Jarand. Då er det berre Håkon og Yngve som skal få komma. Underhaldninga i barneselskapet er å leika med bilar. Besto skal og få komma, men sjølv om ho er god til å leika med bilar så spørst det om ho skal få komma i familieselskapet i stadan for barneselskapet...

Jarand si ønskjeliste

  • Lego
  • Ferja med lys (Kjøpt;-)
  • Bilbane/garasjehus
  • Kongen og Harry Knøl småbilar
  • Grøn bossbil med stige (plasto)
  • Raud traktor med grav og bæbu og lys (Bruder) Det går an å kjøpa delar til Bruder-traktorane, så kanskje ein laus gravar er like greitt som enda ein traktor? Jarand ønskjer seg vell eigentleg det meste når han har kikka på hylla med Bruder-leikar i leikebutikkane.
  • Småbilar, han ønskjer seg alt frå Citroen C5 til Volvo frå 1970. Når han ser bilete av bilar han likar i blad og bøker seier han at han ønskjer seg ein sånn.

Når me rydda så synst me vell eigentleg at ungane har nok leikar, så me kan godt hjepla til med å komma på fornuftige ting å ønskja seg. Sjølv om Jarand vil sikkert sei om det at "Da e`kje deko so bestemme!";-) Når det gjeld klede så har begge ungane har stort sett det meste dei treng i den størrelsen dei brukar no (Jarand 104 og Mari 74). Mari har vell det meste ho treng til og med størrelse 80. Godt mogeleg ho har det ho treng etter det og, men det har eg ikkje oversikt over enda.

Jarand

  • 2-delte pyjamasar, str 110
  • Ulljoggebukser i str 104 - janus har noko sånt
  • Strikka ullbukser
  • Strikka ullvottar
  • Hestra-vottar med ullfor
  • Kanskje ein sovepose, viss Mari vil vera med på tur og overtar "Little Viking"-posen.
  • Teikneblokk. Jarand er veldig glad i å teikna, så han treng masse papir. Fargar og tusjar han fått før:-)

Mari si ønskjeliste

  • Lav barnestol (Kjøpt;-), ser det blir litt knuffing når dei sit på benken til onkel Magnar begge to;-) (Ikea har nokre fine stolar)
  • Ullstilongs i str. 74
  • Hårstrikk og klemmer for glatt hår
  • Uteleikar (Ein viss storebror treng minst tre spadar og 14 bøtter når han leikar, så det er ikke alltid så mykje igjen til Mari.)
  • Dynetrekk i str. 100-140 cm
  • Duplo
  • Drikkeflaske og nisteboks, obs unngå plastboksar og flasker med farleg plast i. 07-merke under er i alle fall ikkje bra, eg lurer på om 05 i trekant og står for noko suspekt...
  • Kanskje ei babydokke (Kjøpt;-) med fint ansikt, nokre av babydokkene ser jo berre skumle ut;-) Jarand har baby - Tigeren;-)
  • Pitteliten trehjulssykkel (Kjell Inge seier at me har nok syklar i garasjen, så han støtta visst ikkje dette forslaget;-)