mandag, mars 29, 2010
lørdag, mars 27, 2010
mandag, mars 22, 2010
No er det på tide å ta ei oppfrisking av fjellvettreglane
Fjellvettdøden
Moderne skillingsdikt av Linda Eide frå boka "Då gamlemor baka seg i hel"
Då vinden stilna, låg det at ein kropp,
som aldri kom fram til sin utkåra topp.
Turlaget fann han på andre påskedag.
Til pass, sa dei, når ein går tur utan lag.
Det krak så vidt til liv i skispringarskrotten.
Kraftlaus vinka han med vetlefingen inni votten.
Men turflokken etla han syltynn sympati,
hadde han ikke lese lova for den som går på ski?
Legg ikkje ut på tur utan trening, glefsa dei i kor.
Og mannen visste at synda hans var større enn stor.
For han hadde jo tenkt som mannfolk gjer:
Herregud, det er då ingen sak, dette her!
Regel to: Meld alltid frå kvar du går!
Men ikkje når brystkassa lograr med madige hår.
Han tenkte på Amundsen og Kagge og Nansen,
og slikt kostar dyrt når ein berre er Hansen.
Regel tre, ha-ha-ha!
Respekt for vêrmeldinga!
Sjå opp, her kjem det ein viking på ski.
Sjølv i orkan har ein nordmann god glid!
Nei, sanneleg, dumskapen fekk som fortjent,
sa alle i turlaget så greitt og suverent.
Dei såg på den blodsiklande skituristen og lo:
Høyr folkens, han seier han spydde blod!
For den elendige formen hadde jo sin pris,
han hadde kasta opp som ein stukken gris.
Og kald vart han med ein gong han stoppa,
for ullgensaren hadde kreket naturleg droppa.
Dei opna opp sekken medan skrotten stønna.
Herregud, sa koret, ingenting er frå Norrøna.
Feil merke, feil farge og enda eit lyte:
Mannen ignorerte det heilage undertøysbyte.
Folk kasta rotne egg på det levande liket.
Han braut regel fire, me treng ikkje slike!
Ver rusta mot uvêr, seier skrifta klar.
Og fleire ante no kor gale dette bar.
For sjølv på villspor og med sundklaka hud,
braut den hovmodige også det femte bud.
Dei ropte i kor, korsfest, korsfest!
For dette tykte dei alle var aller verst:
Han hadde ikkje snakka med ei einaste sjel,
som om sjølvaste lokalkunnskapen ikkje lenger tel!
Han lytta ikkje til andre enn seg sjølv,
og naudprovianten var to flasker øl.
Flaskene hadde han tømt nedpå i orkanen,
dei var til meir enn å leska ganen.
Utan å vita kvar i verda han skulle gå,
stakk han kursen med flasketuten peikar på.
Regel seks, ropte turlaget, til pass til pass.
Lat han døy, han gav jo blaffen i kompass.
Den maltrakterte mannen ba spinkelt om nåde,
men visste med seg at han aldri ville få det.
For han hadde jo gjenge der i stormen åleina,
ingen til hjelp då han braut begge beina.
Regel sju, ropte folket, klare til å pryla.
Dei sparka i beinet for å høyra mannen hyla.
Auga sjonglerte, og det jog i bein og tarm.
Det var då dei såg det, han mangla venstre arm!
Trykket frå raset hadde reve armen tvert av.
Ein gamling skrapte i såret, med spissen på ein stav.
Heller ikkje høgre armen var slik Vårherre hadde meint.
At det var kaldbrann, hadde mannen skjøna altfor seint.
Vend i tide, freste laget, det er inga skam å snu!
Det var regel åtte, og berre ein er att, huttetu!
Døk han! Gjalla ropa, han er ikkje meira verd.
Dei nikka alle, både turlekmann og lærd.
Anorakkrådet samla seg til møte om saka.
Tommelen vende ned, og mannens bøn vart vraka.
Så dømde dei mannen til regel nummer ni,
og straffa skulle vara frå då og evig tid.
For stregt skal livet vera, har fjellfolk alltid meint:
Dei grov han ned i tide, og då var alt for seint.
(Det følgjer ein Cd med boka, det er artigast å høyra når forfattaren sjølv les:-))

søndag, mars 21, 2010
Strikkebukser
mandag, mars 15, 2010
søndag, mars 14, 2010
Sundagstur
Mens kåno låg heima og lurte på om ho skulle snakka meir i dan store telefonen, reiste Jarand, Mari og eg på Sjusete for å gå på ski.
Ski-delen vart begrensa til ein runde rundt stadion, men ein kilometer på ski er mykje meir enn null kilometer på ski. Mari sov, og Jarand brukte eit par timar på rumpeakebrettet. Han traff på ein kompis frå Utegruppo, og da va stas. Eg fekk for fyrste gong sitja øvst på sigerspallen(mens eg venta) og må sei da føltes godt.
Pakkeopning
Dinosaurar
Dinosaurdilla herjar i huset hos oss. Jarand er veldig interessert i dinosaurar. Mari heng med så godt ho kan.

Denne gjengen flytta inn på julafta. Dei kom i ei gåve frå onkel Oddmund og onkel Hallgeir, to eks-dinosaurentusiastar. Ein skal ikkje føla seg for trygg lenger... ikkje godt å seia kven som luskar i bordduken... sjølv om Jarand seier at dinosaurane passar huset når me ikkje er heime.
I starten kalla Jarand Rex for dinosaur Rex. Då juleferien var over kom Jarand heim frå barnehagen og fortalde at det heiter Tyranosaurus Rex.
lørdag, mars 06, 2010
mandag, mars 01, 2010
Frukost med Jarand
"Da dar e hjort" seie Jarand og peikar på fenalåret.
"Nei da e sau" seier eg. .
"Eg såg hjort på Bakka i går" seier Jarand.
Det stemmer:-)
"Har nåken skåte ein sau?" spør Jarand.
Jarand har tydlegvis fått med seg noko om hjortejakta... Når eg seier at det er ingen som har skote sauen, så må eg til å forklara om slakting av sau. Eg håpar eg ikkje lyg altfor mykje sidan det alltid er ein fare for at det ein seier blir fortald vidare i barnehagen. Jarand et nøgd på skiva si med fenalår og avsluttar samtalen med "Og so bæsja me den ut igjen". Å seia bæsj er noko av det mest morosame ein kan sei for tida;-)
No leikar me butikk og då er han litt meir formell. "Astriiiiiiiiii ka vil du ha no?"
Sola skin og Mari ligg alt ute og sover i vogna si. Eg og Jarand får komma oss ut me og.

Abonner på:
Innlegg (Atom)