tirsdag, august 22, 2006

Tut-tut!

Line kom med leikebilen som ho hadde då ho var liten. Gjett om Jarand koste seg då han fekk køyra!!! Legg merke til bil-nattdrakta;-)


Båttrafikk

Det er stor båttraffikk på Nærøyfjorden. Somme dagar kjem det til og med cruise-skip forbi Bakka.

Kajakkar er blitt eit vanleg syn på fjorden. Det er ikkje så vanleg å sjå meg oppi kajakken;-)
Her fann eg eit bilete av ein større balje:-)

mandag, august 21, 2006

Jarand på moltetur

Jarand var med på leiting etter molter i Berdalen. Me fann ikkje så mange molter, men møtte derimot ein skummel sau. Jarand begynte å grina då sauen kom litt for nære. Det var kanskje ikkje det vakraste eksemplaret av arten og så hadde den skikkeleg mørk og skummel stemma;-) Det hjalp å eta litt banan.

fredag, august 04, 2006

Fotballguten vår

Inge, Solfrid og Magnar har vore på ferie i England og kom heim med ein heil fotballgarderobe til Jarand. Englandsdrakt frå bestemor og bestefar og T-skjorte og badesko frå onkel Magnar. Jarand blei veldig god i fotball av å gå i dei fine kleda:-)





På stranda på Aksnes

Astrid og Heidi inviterte til bading og då sa me ikkje nei takk:-) Det er jo så varmt og fint for tida:-)
Det er deilig å vassa!!! Jarand synst det var litt kaldt om vatnet kom heilt opp til navlen.
Tang er godt!
Astrid hadde eit fint strandtelt. Her har det dukka opp ein snål kar i teltet hennar...

Idyllisk! Alt må smakast på!

Babytreff

På tirsdag var alle i babygruppa samla hos Camilla. Det var koseleg! Det er lenge sidan me har vore saman alle på ein gong.
Kevin, Astrid og Jarand. Astrid heiar på Liverpool, medan Jarand sr litt større på det og heiar på heile England.
Jarand og Astrid studerer TV-benken til Geir og Camilla.

Ikkje bra i heile tatt...




Medan han far var på Dovre, lot ho mor Jarand sitja i førarsetet i bilen medan ho bar inn ting og tang frå ein liten handletur... Jarand har bildilla!