onsdag, april 28, 2010

Middag med Jarand

Jarand: E grauten ferdig snart, eg e suuulten!
Eg: Den må koka litt først.
Jarand: Du kan jo berre ta den i mikkoen (mikroen) mamma, då går fortare!!!
Eg ler og seier: Du er søt Jarand!
Jarand: Nei! Da e berre Mari so e søt!
...
Jarand: Mari ser snill ut, men eg e snillare!

onsdag, april 07, 2010

Påskeavslutning

Påsken blei avslutta med ein tur på ca 1 km på Vikafjellet. Det var litt vanskeleg å gå der for Jarand og eg fekk litt problem med kombinasjonen pulk og feller i nedoverbakkane... Me var med andre ord tre stykker som var ganske avhengige av at Kjell Inge hjalp oss... Eg og Jarand har i alle fall ikkje problem med matpausar, det er me ganske gode på!

Verdens mest tolmodige Ann Kristin


Ann Kristin er i alle fall den mest tolmodige når det gjeld å leika med dinosaurar med Jarand. Ho leika med Jarand i mange, mange timar på Bakka. Det er ikkje rart at Jarand er ein stor fan av Ann Kristin;-)

På besøk hos geitene

Ganske ny!

Jarand synst det er stas å mata killingane

Kjell Inge tar nærbilete



Tenkepause