mandag, november 21, 2011
lørdag, november 12, 2011
søndag, november 06, 2011
lørdag, november 05, 2011
lørdag, oktober 29, 2011
søndag, september 25, 2011
søndag, august 28, 2011
lørdag, august 27, 2011
mandag, august 08, 2011
fredag, august 05, 2011
Segling av oselvar
Ferien er snart over. Feriar går alltid fort! Dei siste 3 dagane har me vore med pappen/svigerfar/besten/Johannes og dreve på med forskjellig. Mammo/svigermor/besto/Marit er litt skeptisk til å vera med på alle påfunna til mannen sin, så ho blei igjen heime og laga mat og sånt. Fint for oss som var veldig sultne etter ekspedisjonane.
Første dagen var med med på tur i den Nidelvaren som Johannes har kjøpt seg. Den bråka fælt ellers var alt flott. Blei to små fisk på turen.
Andre dagen var på dagstur til hytta. Der var det oppgradert med terasse. Veldig kjekt! Fekk 11 aurar som me donerte til kattane til Arne og Irene.
I går gjorde Johannes noko som han har tenkt på VELDIG lenge. Han sette segl på oselvaren. Segla har lege nedpakka sidan Ferkingstaden sin båt gjekk på jonsåkbålet. Det er sikkert 40 år sidan. Segla var fullt brukande, var berre vinden det skorta litt på. Johannes juksa litt med å ro. Blir nok meir segling seinare.
Når Johannes tar flytevesten på seg skjønner me at det er eit risikoproskjekt, så me tjuvlånte Oddmund sin gummibåt og bemanna ein redningsflåte. Fann berre ei åre... men ei er betre enn ingen. Sidan gummibåten er meir til å hengja etter raske båtar, så gjorde me akkurat det etterpå.

Musikk: Odd Nordstoga "Kveldssong for deg og meg" frå albumet "Luring" Teksten til songen er skriven av Ragnar Hovland og utgitt i Elefantmusikk. Det Norske Samlaget 1985 og 2004.
onsdag, august 03, 2011
tirsdag, august 02, 2011
mandag, august 01, 2011
søndag, juli 31, 2011
tirsdag, juli 12, 2011
mandag, juli 04, 2011
fredag, juli 01, 2011
Å skjera tømmer
Sjef ved saga: Rune Teige, eigar av tømmeret Johannes, drengar: Oddmund og Kjell Inge, gjekk berre i vegen: Astrid, Mari og Jarand.
Musikk: Sidebrok: Ein likandes kar
Musikk: Sidebrok: Ein likandes kar
mandag, juni 27, 2011
Ro, ro, ro din båt!
Johannes har fått oselvaren på sjøen. Det er ein del år sidan sist, men det går jo så fint atte!
Johannes tok meg og Mari med på rotur.
Neste gong me var på Holmefjord var Mari ivrig på å komma seg på rotur igjen.
Jarand syntest at det er kjekkare med motorbåt, for det går fortare. Han lurte òg på når me skulle ro framover, han var lei av å rygga.
Johannes og Oddmund hadde teke med seg alle redningsvestane i båten til Oddmund, så då er det jammen godt at redningsvest i str. 20-30 kg passar til meg. Hadde sikkert gått veldig bra det om eg havna i sjøen...
Mari var trøtt, så ho sette seg godt tilrette for ein lur, men eg trur ikkje ho klarte å sovna.

fredag, juni 17, 2011
17. mai er vi så glai, iallefall nokre av oss!
Musikk: Kvarts (Steinsprang) Bør vell passa bra i Gudvangen?
Johannes 70 år
Jubilanten var på Rhodos på bursdagen sin, så me bestemte oss for å ta godt imot han når han kom heim.
På veg til leilegheita til Oddmund. Dette var ein god anledning til inspeksjon.
Ein fortener gåve når ein blir 70.
Måleri målt av Trine Lise Aasen.
Endeleg var det mat å få.
Eigentleg det første bilete, men det blir så lett rot når eg prøver å flytta på. Her er turistane nett komne ut til oss på flyplassen. Der blei dei overraska av Irene, Mari og Jarand og underteikna. Arne hadde dei forventa skulle vera der. Etter å ha venta på flyplassen ei stund er konklusjonen at Jarand ikkje er så god på venting, men det som ventar på kjekke folk ventar ikkje forgjeves.
Resten av ettermiddagen var Jarand i god stemning:-) Jarand fekk til og med fanga fotografen på eit bilete.

Abonner på:
Innlegg (Atom)