fredag, januar 20, 2006

Nye bekjentskap!



Marius og Jonas helser på Jarand. Dei seier dei gler seg til å bli storebrødre i februar!

Ut på tur!

Me tok for ein gong skuld turen til Bergen og omegn. Kosleg gjensyn med kjekke folk. Da blir for skjelden, ingen tvil om da.

Jarand fann seg til rette hjå Synnøve. Torbjørn og Synnøve har berre tre veker (itte planen) att før dei kan ynskje sin tredje vetle velkommen i ståvo.


Her sit me etter å ha innteke ein svært god middag som Synnøve og Torbjørn (elle omvendt) hadde laga. Takk for maten.



Her sit me etter å ha gjort eit djupt innhogg i kassen med juleøl. Fire timar seinare og endå djupare i kassen var me nesten lika filosofiske som i dei riktig gode gamle dagar på Storehaug. Beklagar at eg ikkje eige skam, men da e vanskelg å seia nei når nokon byr på goe vara og godt selskap :-)

Håpar me får komma attende snart.

torsdag, januar 12, 2006

Endeleg smilte Jarand til fotografen

Jarand smilte for første gong 2. juledag. Då smilte han først til bestemor Solfrid, så til grandtante Gullbjørg og så til mamma. Etter det har han delt ut mange smil, men blitt dødsens alvorleg når me har drege fram kamera...

onsdag, januar 11, 2006

Jarand gratulerer Tormod so mykje med dagen


SKITUR

Skisessongen har vore forferdeleg dårleg so langt. Sist starta den allerede i midten av November, denne gongen vart ikkje sessongstarten før 7 . januar. Kjekt då at den kom i favorittfjellområdet.

Jordalen - Slettedalen - Lyngskaret og tebake gjekk turen. Målet var Bakkanosi, men utan skifeller vart det litt i mesta lagje. Knappe 15km og 800 høgdemeter vart likevel tilbakelagt. Kjepefint skiføre og deilig å komma i gong.


Fint ? Eit fantastisk vær å vera på tur i. Sol, kaldt og nesten skyfritt.

Dagens helt på 1300moh - Lyngskaret.

Bakka

Tida var endeleg kommen for ein tur til Bakka att....finaste og beste plassen i heile verda.
Itte ny pers i biltur på rundt 2 timar kunne Jarand innta hytta for fyrste gong. Forhåndsfyrt til behaglige 21 grader. Jarand såg ut til å trivast frå fyrste stund. Og da e jo bra, for her skal ha vera mykje. Me gledar oss allereie til neste tur dit.




Her har Jarand innteke barnesenga på Bakka. Blandt anna låg bestefar hans i denne til han var seks år. Jarand sov godt han.


Grandonkel Kjell Magne og Solveig fekk han og treffa i tillegg til Svein, Liv Marit, Kjetil, Gunnbjørg og Synneva.

tirsdag, januar 10, 2006

Gode gamle dagar...

Synneva og dei andre festløvene har grillfest på Bakka, sommaren 2004.

Tøffing!


Jarand ser ordentleg tøff ut i lua han har fått av onkel Tormod:-)

10. januar var Jarand på 6 veker kontroll. Han vog då 5190 g. Det er 2300 g meir enn han vog på det lettaste... guten har matvett! Legen sa at Jarand virkar sunn og frisk:-) Hoftene hans er fine no:-)

søndag, januar 01, 2006

Burlifjellet

Brulifjellet ragar over Altasæterdalen med sine knappe 1000 moh. Om då då e eit fjell ? Tja.
Fjell elle ikkje fjell. Jækli lekker utsikt og ein ganske fin tur opp e da.

På årets fyrste dag la eg turen oppom, i eit heilt fantastisk vær. Sol, vindstille og masse blå himmel. Passeleg lite snø te å gå på beina i va da og. Kunne friluftsåret fått ein betre start ? Trur ikkje da. Gleda meg te resten :-)

Panoramabilde frå toppen. Flott. (Større format i morgon ?)

Solnedgang på veg ned frå fjellet.

Fjella "bak" Kvamskogen ruvar i horisonten. Herfrå ser dei jo nesten flotte ut...

Skimtar me havet her, kanskje ? Holmefjord midt i bildet iallefall

Nyttårsfeiring

Me takkar for da gamla og ynskjer alle eit fantasktisk nytt år!


Nyttårsfeiringa i år vart på Holmefjord saman med Marit og Johannes.




Jarand var ivrig på drykken so vanleg, og kubba tidleg.
Astrid med stjerneskota frå i fjor, vårt einaste bidrag te fyrverkeriprodusentane.

Jul på Holmefjord

Itte ein kjapp ompakking (avlasting) i Norheimsund reiste me vidare te meir gratis mat og godt selskap på Holmefjord.

Da E fint på Holmefjord og (tiltross fø at dei mangla Fjell) Denna solnedgangen, tatt på fersken i hagen til Arne og Irene, til dømes, e no vakker.
Han e no søt då, vel ? Ekje han ?
To trøtte typar. Va da boki so har skulda ? Me kosa oss no begge to. Takk for "nuddel"-teppet , Synnøve.
Kjellaug og Brynjar frå Karmøy besøkte oss på Holmefjord.
Barnevognranaren har blitt oppservert på Holmefjord fleire gonger denne jula. Pass på.

Jula i Ålvik

Julafta, fyrste, andre og litt av tredje juledag var Ålvik oppholdsstad. Lekkert å eta pinnakjøt att - eitt år sidan sist - masse flott under treet også for han som overhodet ikkje hadde noko glede av da. Endå. I år fekk me og besøk av Gullbjørg i jula og da va kjekt.

Me fekk gått lange turar med Jarand og KI fekk gjennomført den årlege familekampen i innebandy med siger.

1. Juledag kom og Anne Mette og Kjeld - kjekt å sjå dei att og - 2 år sidan sist.


Julemiddagen e på veg i magen. Sidan ingen vart dårlege har vel bestefaren på bildet gjort jobben med salting og røyking tilfredstillande i år og!Om da e mandag, tirsdag, julafta elle ka so helst. Driten ska ut.

Jarand fekk den største presangen i år. Denna leikesaken vert sikkert kjekk, når han skjønna noko so helst av da. Gullbjørg og Jarand på 2.juledag.
Hands up - I love Sogndal.