Me reiste til Bakka i verdsarvturhelga . Jarand og Astrid koste seg på Bakka mens far og besteforeldrene til Jarand gjekk tur til Dyrdal. Meir bilder frå den er å finna på www.verdsarvturen.no, og etterkvart på www.fjell-kjell.com. Det vart iallefall ein fin tur, som kan anbefallast alle som greier å gå 15km og 1200 høgdemeter.
Heile helga hadde fint ver - berre ein del skodde fyrst på laurdagen.

For ein god ide. Fylla steina i sine eigne og andre sine sandalar. Praktisk og behagelig.

Katten, Tiger(?), er ikkje eldre enn at han set pris på å leika litt med Jarand. Jarand set sjølvsagt pris på akkurat det.

Søndagen etter turen vart brukt til å slappa av og ta seg ein padletur. Her er ligg eg og skvulpar rundt Stølsnes. Breidskrednosi som me stod på kanten av dagen før e lett å kjenna igjen.

Mens eg padla sat denna gjengen å prata drit. Jarand kosar seg i sola utan kle.