fredag, april 11, 2008

Bakkapåske

I ei utvida palmehelg reiste me til Bakka.

Hesten var den store atraksjonen denne gongen. Jarand skulle sjå på hesten kvar gong han var ute. Får håpa han veks da av seg. Heldigvis ville han ikkje sitja på han.


Ein blir sleten av å stappa i seg påskesnop. Da e sikkert og vist.


Nokon kallar da søt liten killing, andre kallar da herleg mat.

fredag, mars 07, 2008

Ski på Sjusete


Kanskje ikkje direkte sjokkerande at me gjekk på ski på sjusete. E fint lite anna å drive med dar ein fredag ettermiddag.

Tiltakslause som me var måtte me be besteforeldra til Jarand om å få oss ut på tur. Og dei vakje vanskelege å be, skulle egentlig henta Magnar på Voss, men han laut fint venta til me hadde gått selesete runden med pulk, og Jarand hadde tilbakelagt fleire hundre meter på eigne ski.


Skiglede for ung og gammal :-)


Tigeren var med, og godt e da - kem skulle elles brukt pulken mens Jarand gjekk.



Prøvde meg med ein video og. Han har langt igjen te å bli stjerna, men herregud for nokre framskritt han gjere. Kunne no eg berre hatt lika mykje framskritt dar eg stabba rundt på skøyteskina mine.

lørdag, februar 23, 2008

30-årsdagsfeiring

Kjell Inge serverte smalahåve til gjestene sine. Jarand syntest det var kjempegodt!!!








2 små prinsesser!!!!

Tenk på termindatoen kom jenta til Kjellaug og Brynjar til verda!!!!! Kjell Inge seier at 22.2 er den beste bursdagen ein kan få:-)

23.2 er heller ingen dum dato. Jammen tikka det ikkje inn ei melding i dag frå Heidi og Lars òg om at jenta deira var født!

Gratulerer så mykje til begge familiane!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!

fredag, februar 22, 2008

Me vil også gratulera....

Gratulerer med 27-årsdagen til Oddmund!!! Han har også bursdag 22. februar:-)
Gratulerer med overstått 30-årsdag til Turid!!!!!!!!!!!!
Og så ventar me spent på kortid babyen til Kjellaug og Brynjar kjem. Terminen er i dag, 22. februar!!!!!

Gratulerer med 30-årsdagen Kjell Inge!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!


Hipp Hurra!!!!!!!!!!!

fredag, februar 15, 2008

Kul type!



I år som i fjor så drar Kjell Inge Jarand rundt i pulken. Det virkar som om dei kosar seg på tur begge to:-)

Jarand er blitt oppteken av kva han har på seg.

Det er ikkje lenger å berre tre kva som helst på guten. Han har sterke meiningar om kva som er fint og dei meiningane varierer frå dag til dag... Oransje klede og motiv som bilar, hundar eller tigrar er ofte populært, men ikkje alltid. Han likar godt nattdrakta han fekk av Line og Tormod til jul. Jarand like den så godt, at det er ikkje alltid han vil ta den av om morgonen...

fredag, januar 11, 2008

Gratulera

TORMOD!
Tormod vart 25 i dag. Jarand gratulera so mykje. Da går berre ein veg herfrå.

mandag, desember 24, 2007

God jol!

Då va da jol seie dei. Da blir sikkert bra.

Jolastemingen som kom i går, her i Steinsdalen, er no på veg til å renna vekk. Faen.


Jarand meiner tigeren må ta seg ein tur ut. Med nisselua.


Ein nedsnødd Jarand begynner å bli bekymra for om han kjem seg laus...


Da skakje mykje te. Litt snø strategisk plassert opp i eit blomsterbed og me har plutseleg ei sklia.


Skia måtte og prøvast. Ingen stor suksess men da kjem vel etter kvart. Han ville iallefall prøva.

Me ynskjer alle EI GOD JOL!
ps. Kjekk sak frå verdens beste verdsarv : http://www.bt.no/lokalt/sf/article465479.ece