Feriebileta lar venta på seg... me skal få lagt ut nokre før jul i alle fall;-) Det er berre det at me tok så gruleg mange bilete i sommar...Her kjem bilete frå dagens tur: Fisketur ved hytta i Altersætradalen. Trur det er første gongen me har teke med Jarand på fisketur der. Han syntest det var veldig gøy, heilt til eit eller anna insekt stakka han i tommeltotten. Tommelen hovna litt opp... Det heile var heldigvis gløymd då me kom heim til Besto og Besten igjen.

Fiskeplassen vår. Her får ein fisk, så lenge det er sessong for det. Størrelsen på fisken er kanskje ikkje nett noko å skriva heim om... men i dag var det 3 stk som ikkje var så verst:-) Me fekk 15 aurar i alt. Kjempenøgde!!! Og det får me håpa at Pernille-pus er og...

Besten har bygd ny bru som me måtte ta mange bilete av slik at Besto kan sjå kor fin den er. Viss ho ikkje kjem over brua no, så må det nok leigast inn heisekran... Jarand gjekk fleire gongar att og fram, for han likar veldig godt å gå på bruer.

Vesleprinsen min!

Fiskane var litt tunge å halda, så Besten måtte hjelpa.

Og så måtte mammo og Jarand posera med fangsten. Jarand sa at fiskane var ekle, men han var ikkje redd for å ta i dei for det.

Besten sløyer fisk og Jarand finn seg vatn i elva.

Den første fisken til Besten.

Ser ein godt etter ser ein hytta mellom trea.

Lang fiskestang og krok med makk på er det som gjeld!

Jarand tar seg av fangsten.