søndag, september 14, 2008

Brannverndag

Me var nedover på torgdag med ein muggen Jarand. Det einaste han syntest var stas var å sjå på brannbilane. Eg og Kjell Inge svarte på quizen etter beste evne slik at Jarand vann seg ein hjelm.
Me hadde ikkje med kamera, så ho mor skulle prøva å dokumentera brannbilinteressa med mobilkamera... opp ned og bak fram med film og det gjekk til slutt:-)





Hoppeball

I ettermiddag forstod Jarand korleis han skal hoppa på hoppeballen sin. Blei litt hopping før han skulle leggja seg;-)

fredag, august 29, 2008

Ut på tur

Eg synst at me var flinke til å gå på tur i ferien, Kjell Inge synst nok at me kunne ha vore enda flinkare... Her er me i Breidalen. Kjell Inge skulle gå til Bakka. Eg og Jarand var med eit pittelite stykke. Jarand skulle berre leia meg når me gjekk på tur. Eg som har nok med meg sjølv innimellom;-) Kjell Inge må blogga resten av denne turen...



Stor båt

Det er mykje båtar på Nærøyfjorden og somme dagar dukkar det opp nokre båtar som er litt større enn dei andre;-)

Basehopping i Gudvangen

Første helga me var på Bakka var det "Ekstremsportveko". Me var og såg på basehopping i Gudvangen. Til og med eg som synst at basehopping må då vera galskap syntest det var artig å sjå på. Diverre så var det ein som skada seg stygt då han landa... eg håpar at det går bra med han.
Helekopteret landa og tok av på bøen rett framfor oss. Det bråka ein del... Jarand syntest det var veldig stilig å sjå på helikopteret. Han syntest og det var stilig å sjå på alle med ballong som han sa;-)








På slutten var den nokon ekspertar som heldt oppvisning. Dei hadde flagg og det heile!























På veg på ferie - 27. juni

Naboane må ha trudd at me dreiv på å flytta ut... haugen med kva me skulle pakka i bilane berre vaks og vaks...

lørdag, august 16, 2008

Fisketur med hytta

Feriebileta lar venta på seg... me skal få lagt ut nokre før jul i alle fall;-) Det er berre det at me tok så gruleg mange bilete i sommar...Her kjem bilete frå dagens tur: Fisketur ved hytta i Altersætradalen. Trur det er første gongen me har teke med Jarand på fisketur der. Han syntest det var veldig gøy, heilt til eit eller anna insekt stakka han i tommeltotten. Tommelen hovna litt opp... Det heile var heldigvis gløymd då me kom heim til Besto og Besten igjen.

Fiskeplassen vår. Her får ein fisk, så lenge det er sessong for det. Størrelsen på fisken er kanskje ikkje nett noko å skriva heim om... men i dag var det 3 stk som ikkje var så verst:-) Me fekk 15 aurar i alt. Kjempenøgde!!! Og det får me håpa at Pernille-pus er og...

Besten har bygd ny bru som me måtte ta mange bilete av slik at Besto kan sjå kor fin den er. Viss ho ikkje kjem over brua no, så må det nok leigast inn heisekran... Jarand gjekk fleire gongar att og fram, for han likar veldig godt å gå på bruer.
Vesleprinsen min!
Fiskane var litt tunge å halda, så Besten måtte hjelpa.
Og så måtte mammo og Jarand posera med fangsten. Jarand sa at fiskane var ekle, men han var ikkje redd for å ta i dei for det.
Besten sløyer fisk og Jarand finn seg vatn i elva.

Den første fisken til Besten.
Ser ein godt etter ser ein hytta mellom trea.
Lang fiskestang og krok med makk på er det som gjeld!
Jarand tar seg av fangsten.