søndag, januar 31, 2010

Snø, jippi!!!

Endeleg kom det meir snø!!! Ikkje minst kjem det mykje rasande frå taket;-)

Eg tenkte eg skulle leggja ut skifilmsnuttane på nytt, sidan dei ikkje fungerer... men no virkar visst alt igjen;-)

søndag, januar 24, 2010

På skitur



I dag imponerte Jarand oss med å gå på ski rundt heile Kjosåsløypa på Sjusete. Han storkoste seg i nedoverbakkane. På vegen så hadde me matpause med pølser på termos, pølsebrød som Kjell Inge og ungane bakte på morgonkvisten og ein liten skvett kakao som var igjen frå gårsdagens skitur.

Godt å sova i pulken



På skitur med familien



Matpause


I kjosåsløypa

søndag, januar 03, 2010

Godt nytt år!!!!!

Då var 2010 i gong. Me satsar på å fortsetja trenden frå 2009 med å oppdatera bloggen vår med ujamne lange mellomrom... spedd på med litt dårlege blogga frå mobilen.... Kan vera me treng å bli minna på at det er på tide å blogga innimellom;-) Her beundrar rakettkomiteen arbeidet sitt:-)
Jarand og Line som spøkelser med stjerneskot:-) Jarand syntest at fyrverkeri var stilig, men han likte ikkje smella... det gjorde ikkje Mari heller. Ho låg og sov i vogna si, men sovna fint igjen tilbake i hytta.

Jarand pyntar pepperkakehus

Som vanleg blei ikkje huset akkurat som me tenkte. Me gløymde å ha sukker i deigen, så det smakar litt rart. Fordelen er at me har pepperkaker som me kan gje til Mari med god samvit;-) Uhell nr. 2 var at den fine veggen vår med ekkorn-glas datt på golvet og då blei den ikkje så fin lenger... men me klarte no å lappa det saman.
Garasje.
Nam, nonstop!
Seigemenna sklir berre ned att frå veggen.... Kunstnaren fortviler og ho mor må leggja frå seg kamera for å hjelpa til.

Snømann i hagen

Magnar og Kjell Inge laga snømann i hagen i Ålvik. Han hadde fakkel i hovudet og det heile. Jarand har hatt store forventningar til å laga snømann når det kom snø, så det var kjekt at det kom litt snø som det gjekk an å bygga med og:-) Ellers så er det veldig stas med den tørre fine snøen me har fått:-)


Solnedgong

Det er igrunnen litt keisamt å ikkje ha sol om vinteren i Steinsdalen... eg trøstar meg med at det er stort sett mykje dårleg ver, så ein hadde ikkje fått nyta sola lell. På Holmefjord er det sol heile året, så me fekk kost oss i sola i romjula.

Nyttårsførebuingar

Baking av bananmuffins saman med mamma. Mari er utruleg tolmodig når ho får vera med å baka. Ho blir av og til litt gretten når me "tar" deigen hennar og har den i former...


Mari griste til alle kleda sine med deig, bortsett frå ein sokk;-)
Hum, lurt å senda nyttårs-SMS litt tidleg kanskje???
Eller kanksje like greitt å ringja????