søndag, mars 14, 2010
Dinosaurar
Dinosaurdilla herjar i huset hos oss. Jarand er veldig interessert i dinosaurar. Mari heng med så godt ho kan.

Denne gjengen flytta inn på julafta. Dei kom i ei gåve frå onkel Oddmund og onkel Hallgeir, to eks-dinosaurentusiastar. Ein skal ikkje føla seg for trygg lenger... ikkje godt å seia kven som luskar i bordduken... sjølv om Jarand seier at dinosaurane passar huset når me ikkje er heime.
I starten kalla Jarand Rex for dinosaur Rex. Då juleferien var over kom Jarand heim frå barnehagen og fortalde at det heiter Tyranosaurus Rex.
lørdag, mars 06, 2010
mandag, mars 01, 2010
Frukost med Jarand
"Da dar e hjort" seie Jarand og peikar på fenalåret.
"Nei da e sau" seier eg. .
"Eg såg hjort på Bakka i går" seier Jarand.
Det stemmer:-)
"Har nåken skåte ein sau?" spør Jarand.
Jarand har tydlegvis fått med seg noko om hjortejakta... Når eg seier at det er ingen som har skote sauen, så må eg til å forklara om slakting av sau. Eg håpar eg ikkje lyg altfor mykje sidan det alltid er ein fare for at det ein seier blir fortald vidare i barnehagen. Jarand et nøgd på skiva si med fenalår og avsluttar samtalen med "Og so bæsja me den ut igjen". Å seia bæsj er noko av det mest morosame ein kan sei for tida;-)
No leikar me butikk og då er han litt meir formell. "Astriiiiiiiiii ka vil du ha no?"
Sola skin og Mari ligg alt ute og sover i vogna si. Eg og Jarand får komma oss ut me og.

lørdag, februar 27, 2010
lørdag, februar 20, 2010
fredag, februar 19, 2010
søndag, februar 14, 2010
lørdag, februar 06, 2010
Abonner på:
Innlegg (Atom)