søndag, november 07, 2010

Verdens beste Mari sin 2års dag.

Turjento på veg mot Torefjell


Tid for lunsj





Tid for middag


Tid for kaka, ei kaka so Tormod hadde tjustarta

søndag, oktober 31, 2010

Smalahåvesviing

 Inge  - bålsjef
Mari - sjef for å springa rundt om kring
 Jarand - bålassistent som varmar føtene sine
 Middag!
Kjell Inge svir i vei:-)

Lesestund med Malene

Malene er blitt så stor! Ho kom nedom hytta sist me var på Bakka med nokre bøker som ho og Stian ikkje las i lenger. Det blei lesestund for alle tre av det:-)

Tunnel?

I følgje skiltet var det arbeid i tunnelen, men i røynda var heile Anno-tunnelen sprengt vekk!

Jarand og Mari

Jarand har planar for framtida. Når han blir stor då skal han kjøpa seg ein traktor og så skal ha læra seg alt som er lov. Han seier at han gler seg til å kjøra sjølv fordi det er kjekt å sjå ut glaset og så er det kjekt å sjå på Mari. Me får håpa at han ikkje ser så mykje på pasasjerane når han køyrer sjølv... Han ønskjer seg ein Brüder leiketraktor til til bursdagen, for Mari berre tar den han har frå før. Jarand ønskjer seg ein traktor som han kan ha for seg sjølv. Det spørst om Mari er med på det, ho tar det ho vil ha og gjer seg ikkje så lett.

Mari pratar også mykje for tida. Ho er ivrig på å gjenta det me seier til ho. Jarand er den store helten, så mykje av det ho har for seg dreier seg om Jarand. I dag skulle dei sjå Istid 3 saman. Det enda med at Mari måtte eta kveldsmaten sin på kjøkkenet, for det filmen var skrekkeleg "Gummel". Ho måtte inn i stova innomellom for å sjekka korleis det stod til med "Jarand gummel".

Mari har ei dille på sånne klemmer som ein lukkar t.d. sekkar og regnbukser med. Set du frå deg sekken din hos oss, så er alle klemmene lukka til du går. Mari kan sitja lenge i vogna si og lukka klemmene på selane. -Berre nokon kjem og opnar klemmene innimellom. Når ho er i barnehagen, så har ho lukkerundar der ho tar klemmene på alle selane som heng på tripp-trapp-stolane. Desse klemme-greiene har ho drive på med veldig lenge, så det er nok ikkje noko som går over med det første;-)

fredag, september 03, 2010

Mikkelparken

Her kjem nokre bilete frå ein av turane til Mikkelparken i sommar. Det kan sjå ut som om ungane våre likar best kjøretøy... Det blir nok nokre turar til Kinsarvik til neste sommar og;-)
Stakkars små bilar... me får håpa at Mari klarar å køyra sjølv til neste år.
Mari fann ein tiger på bakken.