fredag, august 05, 2011

Segling av oselvar

Ferien er snart over. Feriar går alltid fort! Dei siste 3 dagane har me vore med pappen/svigerfar/besten/Johannes og dreve på med forskjellig. Mammo/svigermor/besto/Marit er litt skeptisk til å vera med på alle påfunna til mannen sin, så ho blei igjen heime og laga mat og sånt. Fint for oss som var veldig sultne etter ekspedisjonane.
Første dagen var med med på tur i den Nidelvaren som Johannes har kjøpt seg. Den bråka fælt ellers var alt flott. Blei to små fisk på turen.

Andre dagen var på dagstur til hytta. Der var det oppgradert med terasse. Veldig kjekt! Fekk 11 aurar som me donerte til kattane til Arne og Irene.

I går gjorde Johannes noko som han har tenkt på VELDIG lenge. Han sette segl på oselvaren. Segla har lege nedpakka sidan Ferkingstaden sin båt gjekk på jonsåkbålet. Det er sikkert 40 år sidan. Segla var fullt brukande, var berre vinden det skorta litt på. Johannes juksa litt med å ro. Blir nok meir segling seinare.
Når Johannes tar flytevesten på seg skjønner me at det er eit risikoproskjekt, så me tjuvlånte Oddmund sin gummibåt og bemanna ein redningsflåte. Fann berre ei åre... men ei er betre enn ingen. Sidan gummibåten er meir til å hengja etter raske båtar, så gjorde me akkurat det etterpå.
Musikk: Odd Nordstoga "Kveldssong for deg og meg" frå albumet "Luring" Teksten til songen er skriven av Ragnar Hovland og utgitt i Elefantmusikk. Det Norske Samlaget 1985 og 2004.

søndag, juli 31, 2011

Prikketiprikk


Like greitt å bli ferdig med vannkoppane før ein begynnar på skulen. No ventar me berre på at Mari blir prikkete.

fredag, juli 01, 2011

Å skjera tømmer

Sjef ved saga: Rune Teige, eigar av tømmeret Johannes, drengar: Oddmund og Kjell Inge, gjekk berre i vegen: Astrid, Mari og Jarand.
Musikk: Sidebrok: Ein likandes kar