søndag, mai 07, 2006

Tannpuss


Jarand har fått seg tannkost og den er veldig god! Jarand pussar i veg der det klør. Han kjem så godt til med tannkosen, særleg når det klør på sidene inne i munnen. Det blir spanande å sjå kortid han får den første tanna!

lørdag, mai 06, 2006

Besteforeldrebesøk




Forrige helg hadde Jarand besøk av alle besteforeldrene sine og onkel Magnar. Det var stas med så mykje merksemd!!! Besto og Besten frå Holmefjord overnatta frå laurdag til søndag. Søndag gjekk me tur til Neteland. Besten hadde vore der ein gong før. Då var det mørkt, så han visste ikkje kva hus han hadde vore i.

Eit slaveliv...

Det er ikkje spøk å vera huseigar. Kjell Inge nyttar det fine veret til å mala. Eg er ikkje mykje til hjelp, for eg får høgdeskrekk berre av å sjå på;-)


mandag, mai 01, 2006

1.mai

Med oppvekst i Ålvik og opptil fleire sommar-opphald på Bjølvefossen skulle det berre mangla at me flagga på 1.mai. Når me i tillegg kanskje kunne gjera oss litt interessante i nabolaget so lot me ikkje sjansen gå frå oss. Da vart oppservert eit anna flagg i Steinsdalen denna dagen, og da va på skulen. Odelsjento Astrid som og har bakgrunn frå Odda var litt usikker so ho heisa flagg og vaska kle.

Flagget og flaggstanga var noko av det me betalte 1.4 mill. for. Vel verdt pengane. Fyrste gong det er i bruk.Jarand feire 1.mai med å gje pappa ein skikkeleg god klem. Mulig at nokon vil kunna påstå at han berre dreg meg i håret - men eg vil hevda da va ein klem.

Da e av og te....

....at ein drite seg so jævlig ut.

Denna helge tok eg meg grundig vatn øve hove då eg melde meg på tur frå Hella til Fjærland øve eit dusin toppar og nærmare 5000 høgdemeter som skulle gjerast på tre og ein halv dag. Med 25 kilo på ryggen. Gjett kem so laut ringja mamma fø å bli henta på Vangsnes laurdag ittemiddag ?

Da har vorte for lite trening på å gå med tung sekk i år noko eg då altso fekk eg svi jækli for - og saman med ein langvarig forkjølelse itte påske vart da nok for mykje. Itte 1459 høgdemeter vart det altso retur ned fyrste og beste dal.

MEN. Da va faktisk flott fø da, og ein erfaring å ta med seg.
Desverre for resten av turlaget vart det retur same vegen for resten pga. været berre nokre timar seinare.

Utsikten frå Ruud øve Hella var fantastisk flott.


Overaskelsen var stor då denna gjengen dukka opp øvst på innmarka til Ruud. Da lyste Folkehøgskule lang veg av dei. Sogndal folkehøgskule va ute for å kikka på fuglane. Jammen traff eg ikkje att ein dansk lærar eg va på Slingsbytind med, saman med Sogndal turlag.

500moh. fann me teltplassen fø natte. Kan ein sovna/vakna med so mykje betre utsikt enn detta då ?

700 moh. og veret var framleis strålande og formen føltest faktisk nokså fin. Utsikten va iallfeall nydeleg.

Framleis e utsikten og veret fint.

Vidare oppøve vart da altso tungt, og veret drog seg litt te med vind og teskying. Seinare storm og svært dårleg sikt. Men då sat eg på ferjo.

Neste år har seg sikkert drege rundt på Jarand sine mange kilo i bæremeisen slik at formen e på plass.

Flott helg i Ortnevik

Me den store æra av å besøka hytta til Jan Tore i Ortnevik førre helga, saman med Torbjørn, Synnøve, Jonas, Marius, Julia, Jan Tore og Elin. Fin plass å ve, og me so godt selskap so kan ein iallefall ikkje klaga. Håpa me får lov å komma tebake snart. Helst i makrellsessongen.

Jan Tore viser fram fangsten før han slepp han ut i fjorden att. Vart berre catch and release denna gongen, ingenting av det som vart drege opp vart godkjent som drivverdig.

Astrid, Jarand og underteikna tok oss ein kveldstur på laurdagen mens resten av gjengen sørga for at pizzaen. Astrid har her stilt seg midt i vegen for den gode utsikten. Spenane e da flotta fjellet i bakgrunnen.
Om kvelden vart det RISK, øll og konjakkers. Elin vant visst. Who cares.

Her e underteikna, Jan Tore og Jarand i sin nye GTPro på tur "inst i neset". Elle so me andre seie yst på neset.

Midt i bildet finn de ei grå hytta. Der var me. Spennande.

Da var ikkje berre foreldre-generasjonen som var fornøyde i Ortnevik. Jarand storkoste seg han og.

fredag, april 28, 2006

5-mnd. kontroll

I dag var Jarand på 5 mnd. kontroll. Helsesyster hadde så fin speledåse, at Jarand ikkje merka at han fekk vaksinen sin eingong. Eg trur eg må gjera eit nytt forsøk på å finna babyleikane på Holmefjord, for der skal det vera ein eller fleire speledåsar.

Kontrolltal:
Vekt: 7825 gram
Lengde: 65 cm
Hovudomkr.: 43,6 cm

torsdag, april 20, 2006

Jarand hjelper besteforeldra sine med å halda styr på årene

Thea Malin var og på basaren.
Her er Jarand på sin første basar. Me vant ingenting, men han var like blid.
Besto vant ei fruktkorg, så Jarand fekk banan på Holmefjord òg:-)

Påskeegg




På fanget til Mai Lisbet

Tormod og Line

Kjell Inge og Inge tar bilete av Tormod og Line.

Barnedåp - Del 3 - Tusen takk for alle dei fine gåvene!!!!!

Jarand las korta sine sjølv,
men trengte litt hjelp til å opna gåvene.
Gåvebordet.
Jarand fekk veldig mykje fint:-)
Gjekk om Kjell Inge gler seg til å ta Jarand med på tur i bæremeis!!!!
Han fekk to gåver med ferdig gravering, men dei som graverte må ha hatt ein svimete dag på jobben... På tallerken heitte han Jarad og på skeia var han 4 cm ved fødselen... Me får håpa det blir rett på andre forsøk!

onsdag, april 19, 2006

Barnedåp - Del 2







Borda var plassert som ein H - for Holmeford. Jarand hadde hedersplass midt i H-en. Hovudpersonen sov seg gjennom første delen av kalaset. Kanskje like greitt, sidan han ikkje er gammal nok til å eta all den gode maten.
Endeleg var det mat!
Me takkar så mykje for all den gode maten Solfrid laga og for maten Marit kom med:-)

Barnedåp - Del 1

Mange gode kaker. Det var kamp om suksessterta;-)
Kjell Magne, Solveig og Tormod på trappa til skulehuset.
Bakka kyrkje
Så var det fotoseanse... Besto er morsom!

Alle fadrane! Kjellaug (tok av lua), Brynjar, onkel Tormod, onkel Magnar (bar Jarand til dåpen), onkel Oddmund og onkel Hallgeir.
Heile familien!
Jarand følgde nøye med under sjølve dåpshandlinga. Han heldt blikkontakt med presten heile tida! Etterpå sovna han til orgelmusikken... Smukken var i munnen heile tida. Jarand
var veldig grei i kyrkja:-) Jarand er kommen i kyrkja, pynta og fin på onkel Magnar sitt fang.
Namna til dei som er døypte i kjolen er brodert på dåpskjolen. Både pappen og bestemor har brukt den. Under kjolen har Jarand fotballskoa han har fått frå Tormod og Magnar. Ein må ta fram det finaste ein har til slike festdagar som dåpsdagen:-)
Skulehuset på Bakka er pynta til barnedåp.