lørdag, januar 10, 2009

Mari og Bente

14. desember var eg og Mari ein snartur innom og helste på Bente:-)

Besten og Mari

Bilete er teke 14. desember

Pølsefest på Aksnes

Tilbakeblikk i arkivet... Eg har lasta inn bilete frå det vesle kameraet;-) 10. desember var me invitert på pølsefest på Aksnes. Eg fekk ikkje teke så mange bilete.
Jarand og Naomi laga masse liksommat.

Naomi
Toril Elin og Sarah-Linn
Mari fekk liggja i Vogga til Irene.




Del 2

To på veg ned
Ein - Jonas på veg opp...
Det var litt surt og kaldt denne dagen, så til slutt var det berre tøffingane igjen.
Jarand hadde ingen planar om å gå heim! (Når me endeleg kom oss heim åt han seg mett på pepperkaker og mandariner og så sovna han på sofaen.)
Kjell Inge er visst ein aktrobat og:-)




fredag, januar 09, 2009

2. juledag på skuleplassen - del 1

2. juledag var me ute og lufta oss saman med ein haug med folk som var på julebesøk hos Ingelinn og Helge. Kor mange kan skli på ein gong???
Karane står og passar på ungane sine.
Jarand først, Olve i bakgrunnen.
Jarand
Idun




2. juledag

Kokelår til middag, det er godt det!!!
Det er veldig kjekt å herja med onkel Magnar!!!
Mari fekk fleire søte "hårband" til jul.
Magnar held kontakt med omverda.



1. juledag

Ungane våre:-) Jarand er veldig glad i å halda Mari i handa. Han likar også å telja. Mari er ei heilt normal med 4-6 fingrar... i følgje Jarand.

1. juledag dessert og Anne Mette er kommen:-) På kvelden spelte me "Vil du bli milionær". Det var veldig gøy sidan eg vant!! Ikkje det at eg får veksla spelepengane inn i banken då;-)

Inge resonerer seg fram til kven spørsmålet vil passa for før han stiller det.

Dette må de då klara!
Haha, dette er eit morosamt spørsmål!
Anne Mette
Solfrid
Ny omgang, ny spørsmålsstillar...Solfrid har svaret klart.
Det har Inge og...

Del 3

Den første gåva var brannmann og politimann-nattklede frå Stian, Malene og Runar. Stilige klede!!! Eg og Kjell Inge noterte for å halda oversikten;-)
Meg...
Tormod og Inge.
Solfrid
Jarand er så fornøgd med dei nye rørereidskapane sine frå onkel Oddmund og onkel Hallgeir. Nyttar ikkje å prøva å rydda vekk grytene til Jarand... han må koka litt kvar dag!
Ingenting til meg???? Joda, Mari fekk mange fine gåver ho og:-) Me fekk så mykje fint alle saman!!!! Tusen takk:-)



Del 2

Jarand
Kom då Tommor!!!
Mari måtte ta seg ein lur.
Onkel Magnar var ein veldig dyktig pakkeutdelar. Jarand fekk den første pakken og flest pakkar:-)




Julafta i Ålvik - Del 1

Alle gåvene er på plass rundt tven og juletreet. Linselusa med politibåt og trebåt som Magnar har laga er og på plass.
Opna pakke mamma?????
Det var verken eg eller Tormod som slo han, han gjorde det heilt sjølv på skitur tidleg på julafta.
Solfrid lagar veldig god mat!!! På julafta var det til og med to sortar dessert!





Julafta

Morgon og julafta.
Det har dukka opp ein diger pakke i julekalenderen. Den har ikkje vore der før!
Pakke, pakke!!!
Kva kan det vera...
Duplo-politibåt. Resten av politibåt-duploane hadde Jarand samla i duplo-kassen sin. (Han trengte ein ny og større kasse etter julegåveopninga:-)
Kjekt med sjokosjaden, som Jarand seier, som var i den vesle pakken og:-)
Jarand måtte sjekka om båten var sjødyktig. Det vart vell ikkje nett så betryggande resultat for duplomenna verken med båten eller redningsflåten... ikkje hadde duplomenna redningsvest heller...