søndag, august 29, 2010

fredag, august 13, 2010

På hotell

I Stavanger budde me på hotell som hadde både isbetemaskin og symjebasseng. Dette sette ungane pris på!


Familie på tur

Då var sommarferien 2010 over og vell så det. Me har vore ein del på Bakka på hytta til Solfrid og GullBjørg. Kosar oss alltid der:-)
Den o`store ferieturen i år gjekk heilt til Kjellaug, Brynjar og Solveig på Norheim og så vidare til Stavanger. Koste oss!!!
På bilete prøvde me å gjera eit forsøk på å få alle fira med på eit bilete.
men me valgte feil stein å posera på. Jarand vann til slutt kampen og fekk igjen steinen sin.
Litt seinare fann han ein enda større stein.

På Norheim
Solveig og Kjellaug:-)

søndag, juli 04, 2010

Taktooor!

Mari er oppteken av traktorar for tida. Ho ser og høyrer traktorar overalt og køyrer sjølv med stor innleving. Alt som ikkje er personbilar er traktor... det er ikkje noko å diskutera, sjølv om Jarand stadig må påpeika at Mari tar feil. Det einaste ho kan lempa litt på, er at det er noko som heiter "gaveshiiin".
Innimellom oppstår det små kranglar... Små bestemte jenter vil bestemma sjølv kor store traktorar har lov å køyra...

Mikkelparken, 28. juni

Eg, Jarand, Mari og Besto tok ein tur til Mikkelparken, sjølv om det var meldt regn. Me hadde ein plan om å reisa frå det dårlege veret, men det tok oss igjen... Stemningen var god fordet:-) Mari nytta det meste av tida til å sova i vogna si. Jarand likte allerbest bilane som han kunne køyra.
Is er godt i allsags vèr!!!

Jarand seier at me må tilbake til Mikkelparken ein dag det ikkje regnar, slik at han kan bada der og. Blir ikkje bading i andedammen uansett då..

Ferjetur frå Kvanndal til Kinsarvik



søndag, juni 13, 2010