Veka før hadde bydd på MYKJE vind og MYKJE snø, så stabiliteten i snøen var nok heller dårleg - det vart difor ein tur i flatt terreng.
Men altso - nydeleg ver (sol frå blå himmel og vindstille) bra føre og skapleg vinterkulde fekk me i dei fem timane me var ute og tilbakela knappe 2 mil. 2 mil med ekta skiglede.
Breidalen heite denne stølen. Breidalen e ein god plass å ve både sommar og vinter.
Solveggen på ei av hyttene i Nestedalen , som de ser i bakgrunnen, vart nytta til lunsjpause. Da va godt med mat for fjellfolk so starta dagen tidleg. Håkon pyntar opp motivet.
Her e underteikna, no på veg nedatt, også med Nestedalen i bakgrunnen
Snart e dajen gje. I januar e ikkje dagane lange. Sjølv med start heime klokka 0715 vart sola låg på himmelen før me kom oss heim. Breidalen gjer seg på returen og.Takk for turen! Jækla bra!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar