Me fekk med oss ein frisk tur på ridestien ved Vigsnes Grubemuseum - der koparen til friheitsgudinna i New York er henta. Ein tur på Amanda eit heilt fantastisk kjøpesenter so Astrid kunne gjera seg ferdig med jolahandelen. Jarand fekk bada i stort badekar. Me vart knust i TP, noko me visste ikkje var til å unngå. Som prikken over i'en vart da berre godver på sundagen og me fekk oss nokre timar på Åkrasanden der både noko so sjelden so sol, pepparkaker av nederlansk oppskrift og frisbee stod på menyen.
På turen ned hadde eg håp om å få sett noko te dei flotta fjella i Kvinherad, men skodda gjorde at det var dårleg med det. På veg oppatt køyrde med sjølvsagt på feil side av Tysnes. Nett so sist.
Miniversjon av den litt meir kjente i New York...
Jarand kosa seg leeeeeenge...
Årets julemotiv. Åkrasanden 17.12 pepparkaker, sol og vindstille.
Underteikna og Jarand på gyngande grunn.
Brynjar og Kjellaug såg noko spanande so eg ikkje fekk med meg.


Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar