lørdag, januar 06, 2007

Jolaftan 2006

Jola 2006 skulle feirast på Holmefjord. Jola e jo so Kjell Magne sa øve når pakkane e åpna på jolaftan.

Me tok da relativt roleg søndagsmorgonen, fekk stappa bilen og takboksen latterleg full av jolapakkar. Inni oss gliste me frå øyra te øyra og gleda oss te kvelden, utanpå lata me so at da va "off so mykje pakkar" og stress og faen da går ikkje inni bilen og....

Sidan me trur me e av dan heller spreke sorten so stoppa med på vegen for gå tur. Og sidan snøen aldri kjem kunne me køyra til Va i Altasetradalen, darfrå gjekk me nesten te Ådlandssetra - i fint ver. Itte turen fekk me ei utfordring med å få vogna innatt i bilen, sidan dan hadde lege strategisk te i botn av bagasjerommet og bilen framstod nett lika fodle utan vogna so med vogna. Men da gjekk seg te, og både me, vogna og pakkane kom heile te Søregarden 14, Holmefjord.

Eg lot meg lett overbevisa om at Jarand ikkje trengte å vera med i Bygdaheimen for å høyra om dan egenlige meiniga med jula (jaggu) - sidan det innebar at eg og hadde ein glimrande unnskyldning for å finna på noko anna. I halvannan time trava me rundt på øvre delar av Holmefjord for å finna noko å ta bilete av. Da må vel kunna seiast at ein sovande Jarand i ei vogn var eit lite handicap fø fotografen.

Itte ein kvikk dusj va da klart fø mat. Pinnane smakte godt i år og. At nokon ete fisk(!) elle gris te jul e jaggu heilt uforståeleg.

So va da pakkar. Jarand var faktisk overaskande med på notene, og viste ein viss interesse fø dei største, harde pakkane, om han hadde hatt stor glede av besten si bilpolermaskin skakje eg sie noko om (guten storkosar seg jo med panne, so kanskje) - iallefall hadde han veldig lyst på dan store pakken før dan va opna. Elles fekk eg mykje fint. Trur eg gjekk i pluss. Høhø. Takk te alle glade givarar.

Ein gong mellom ni og ti var Jarand ferdig - og då var vel egentlig jula øve og sidan da brått vart slutt på pakkane.


Ein glad gut på tur te Ådlandsetra


Holmefjord på jolekvelden.

Jarand og mammo hans e ivrige på pakkane.

Jarand har fått sitt fyrste "instrument". Han likte da godt. Musikkpedagogen i familien var sjølvsagt gjevar.

Trehjulsykkelen frå da andra settet med besteforeldre vert nok og kjekk når han berre får ti centi te på sokkelesten. Da e best de køyre seint opp Liabrekko te sommaren.

Ingen kommentarer: