
Kjell Inge er eit godt førebilete for Jarand. Jarand synst det er skikkeleg kult å gå rundt med løvangen!

Godguten vår:-)

Jarand fekk piano med figurar som bevegde seg til jul av Besto og Besten på Holmefjord. Desverre, så tålte ikkje figurane at Jarand mista pianoet i golvet eit par gongar for dagen... Besto fekk pengane tilbake og eg kjøpte eit nytt slags instrumet på salg:-) Me får håpa at dette instrumentet tåler meir. Vegard og Sigurd har i alle fall ikkje klart å øydeleggja sitt sånt instrument:-)

Musikaren konsentrerer seg....

Liten kar som er klar for store utfordringar ute. Det skulle berre vore litt lettare å bevega seg med alle utekleda på... Det går seg vell til etterkvart;-)

Jarand blei litt for ivrig i gryteskåpet, så me måtte setja barnesikring på det... Han har akseptert at gryteskpoet ikkje går opp lenger, men er raskt ute om han har sjansen til å sikra seg ei gryte frå oppvaskemaskina. Ingen leikar overgår gryter med lok. Gryter er best!
3 kommentarer:
Jarand virkar interessert i baking og koking og andre huslege syslar, så det lovar godt:-)
Ja ja far so sønn.Kjell Inge sa ein
gong "e sja kåka"so eple faller ikkje langt frå stammen.
Vel, me driv i småskala endå. Held bollabakinga nede på eit par-tre brett, og middagane e vel ofte ikkje på meir enn ein seks-sju porsjonar. Men alle rettar er lagt opp slik at det er lett å oppskalera dei te ca. 600 personar om da skulle ve nødvendig. Men det kreve matte ferdigheiter som det nok er litt tidleg å introdusera endå.
Legg inn en kommentar