fredag, mai 25, 2007

Saukjande mai

Itte to regntunge år på Holmefjord var det på tide å byta stad for feiring av saukjande mai. I år reiste me te Bakka for å feira i verdas vakraste fjord med verdas vakraste ver.

Det vart ein flott dag, til tross for at me rauk ut av hesteskokastinga allereie i fyrste runde. Vart utslått av nokre polske bønder (ikkje at dei var polske bønder gjorde dei til dårlegare motstandarar). Eg legg all skuld på lagkamerat Astrid, sidan eg vann for tre år sidan saman med Kjell Magne.

Elles vart det gått natursti og ete både dravle og snittar. Og hotdog. Nett når det gjeld dravlen skal eg gje Holmefjord eitt poeng. Holmefjord dravlen smakar betre. Samstundes e vel ikkje dette nett noko viktig poeng. Dravle e jo framleis dravle. Ka med gele neste år ??


Underteikna med avkom på ryggen. Til venstre har me Synneva. Ho e nabo og grandoldetante te Jarand. Ellenoko sånt.


Smørbukk sjølv saman med Astrid. Saukjandemaitog var morro, men endå kjekkare var bilane som kom bak. Me vart derfor desidert sist i toget.


Dei same to, med eit lite glimt av noko av verdas vakraste fjell.


I mangel av levande korpsmusikk fekk denne gettoblasteren fyllt med gardemusikk gjera jobben. Og det gjorde den. Ka med litt erkenorsk svartmetall, kjemisk fritt for blåseinstrument neste år ?


Alle andre dagar ville me ledd og sagt at da va da va jammen teit. Men nett denne dagen kunne me ve einige.

Naturstien var sopass utinaturen at enkelte ikkje klarte heile runden. Skal ikkje nemna namn. Men super rally ss GT kom med heile runden.

Jarand prøvde seg på denne vetle damo. Når me spør om ho no ittepå seie han berre "nei, nei"..men eg veit no ikkje heilt eg...han ser ikkje so veldig nei ut.

1 kommentar:

Anonym sa...

Takk for den!!!!!!!