fredag, juni 08, 2007

Ny mobiltelefon

Mobiltelefonen eg kjøpte i 2002 begynte å fuska... i tillegg så gjekk ladaren sund for ei stund sidan. Eg lånte ein gammal ladar av svigers, men så klarte eg å øydeleggja den ladaren og.... Det var minuspoeng til meg...

Eg har då kjøpt meg ny mobiltelefon. Jippi! Sony Ericsson k610i, knall raud:-) Den ligg langt over kva eg forstår av telefon, spranget frå 2002 blei litt for stort... men eg har skjønt blogge-funksjonen. (Sjå dei to forrige innlegga). No kan eg "berika" bloggen vår frå korhen eg er, berre eg har med mobiltelefonen:-) Det er kjempeenkelt. Det er berre å ta bilete og så senda det til bloggen.

Ingen kommentarer: