søndag, mai 04, 2008

Ei helg i paradis

Då har me lagt bak oss ei langhelg på Bakka. Endeleg, får ein vel seia. Faktisk berre andre besøket sidan nyttår. Det er ikkje godt nok.
Deilig å komma dit utan planar for fire heile dagar. Balsam for sjela og alt da dar.

Jarand har vist seg som ein skikkeleg arbeidskar og har vore med både på støyping, utsortering - og bering av stein og graving og flytting av jord. Han har også tissa på do. Kem skulle tru at han skulle begynna med det på snurredassen på Bakka. Åsso har me køyrd båt - endeleg vart redningsvesten eit plagg han likte å ha på seg.

I kjellaren begynnar det å bli ferdig. Dusj te hausten seie skjeggen.

Me planlegg å tilbringa eit par tre veker på Bakka i sommar. Eg gler meg. (og da e berre å komma på besøk).

Far, son og tiger på båttur.

Mor og son på båttur.

Oooh such a perfect day...kveldsstemning.

Hurrungfjell. Alltid morro å komma i Lyngskardet å sjå Hurrungane laaangt vekke.

Nærøyfjorden 1398 meter der nede.

Ein alvorstynga Jarand på båttur.

Paradis.

Ingen kommentarer: