Me må kjøpa oss ny babybilstol til byrjinga av november;-)
Er det nokon der ute som har ein babybilstol de ikkje treng lenger? Me har lurt på Britax babysafe plus, sidan det har fått gode karrakterar i nokre testar. Det er så mange bilstolar å velgja mellom, eg blir heilt forvirra;-)
Astrid ønskjer også å kjøpa ein brukt babybadesete. Kjell Inge synst nok at det er nok ein meiningslaus ting;-)

16 kommentarer:
Ve so snill å spar meg fø dan badestolen.
Eg trur at den er veldig smart!
VI HAR EN. LØP OG KJØP!!!!! Bra sete til bra pris!
Vi har til og med Britax. Kan ikkje bli bedre:-)
Med badestol har vi ikkje.
Bare så det var sagt, liksom.
Å! Og eg som har kjøpt nytt sete i dag... vart litt ivrig på bilsete... er jo halvvegs...;-) Har berre lese om bilsete dei siste dagane...
Fann eit tilbod på eit sete med sånn base som ein festar med isofix, men eg har nok tabba meg ut no sidan de hadde sete til sals!!! Blei Brio Primo.
Eg får roa meg på badestolfronten i alle fall;-)
Har ikkje badestol me heller. Men eg kan jo komma og holda nye-babyen når ho/han skal bada? Eg e veldig god på det altså! Har ikkje mista Solveig under vatn ei einaste gong! (OK, kanskje ei gong. Men berre litt!)
Søren òg. Mange som vil selge ser eg. Me har også eit veldig bra bilsete. Gratulerer forresten. Synnøve sa de venta nr. 2. Eg tykte at eg visste det frå før, men eg anar ikkje frå kor.
Takkar for gratulasjonar, Kristine:-) Eg har blitt avslørt fort når eg har møtt folk, for magen er litt større enn forrige gong;-)
21 veker i dag:-) Det har gått fort!
Sånn går da når kåno har eige bankkort. Då blir da handla, berre da e på tilbod.
Hå!, du sa no ikkje nett nei når eg ringte og spurte kva du syntest;-)
Eg trur eg faktisk har ein sånn badestol (og Kjell Inge: den va heilt genial når eg hadde to små i badekarog ikkje hadde meir enn to arma!!)og dan kan de FÅ!! han e heilt gul og ikkje so kul som dan på bilde ditt, men han funka fint!! Men eit LITE forbehold om at eg ikkje har heve han...ska gå å leita nett no...
ja, no har eg leita....fann an!! it's yours if you want it!!!
=0)
Me blir veldig glade for badestolen, Ragna Helene:-)
Me har badestol, men den har eg lovt vekk til Elisabet. Du kan gle deg til å bruka han, Astrid! Heilt genial sak! Eg kjøpte han då Sigurd var nokre mndr, og så feit som han var fekk eg ikkje brukt han så lenge. Men digga han, verkeleg! :)
Blir garantert brukt til ein evt tredjemann her.
Legg inn en kommentar