
Torbjørn tok oss med til Herdla. Der var det friskt! Det blas godt, men me var no kledd for det:-) Bortsett frå Kjell Inge då som hadde lagt fleecejakka igjen i bilen... Synnøve hadde pakka masse god niste til oss, så me koste oss:-)

Dei med korte bein ville ikkje gå heile vegen sjølv... Eg syntest det var heilt topp når dei små gjekk sjølv, for då klarte eg å halda følgje og;-)

Kjell Inge og Torbjørn fiska.

Jarand og Julia leika på i den fine sanden.

Torbjørn fekk to fiskar. Den eine var ein sjøaure:-) Han likar ikkje fisk, så han slapp dei ut att... "Laga meir fisk" sa Jarand då. Kjell Inge fekk nokre prakfulle tangklyser...


Jarand og Julia likte òg å kasta stein i sjøen.

Jarand og Julia

På tur tilbake til bilen. Me skulle teke bilete av oss i baksetet, for eg sat mellom bilseta til Jarand og Julia;-)
2 kommentarer:
Fine bilder fra en fin helg, men eg anbefaler deg å få vekk h fra Thorbjørn. Eller så kommer det til å klikke for Torbjørn:-)
No håpar eg at TORBJØRN blir nøgd:-)
Legg inn en kommentar