søndag, november 30, 2008

Aking på skogen

Dagen itte dagen fekk eg og Jarand med oss den heimkomne onkel Magnar på aketur. Me reiste fyrst til Sjusete (eg håpte i da lengsta på at me kunne gå mot Torefjell) men det viste seg at der var det mindre snø enn heime i hagen. So me snudde bilen og reiste på Kvamskogen. Parkerte ved Ungdomsheimen og trakka oss oppover...

Magnar vart heilt vill i nikkersen av få eit kjapt speilreflekskamera i nevane so han fyrte av godt over 400 bilder på turen. Men da va no eit fantastisk ver, og eit fantastisk føre


Ekta julekortmotiv...


Ein MÅ ikkje sita på eit akebrett.

Nokre trenar med bildekk hengande bak seg, andre trenar med treåringar hengande bak seg. Forskjellen e at treåringen har da dritmorro, mens bildekka kunne ikkje brydd seg mindre.

Ein annan forskjell e at etter oppturen, so skal ei nedatt. Og da e kjekt både for han so trena og treåringen.

"Akebrettet skar ut av vegen." Føraren hadde ingenting med saken å gjera. Godt at nokon var nesten klar for å stoppa han før kanten.


Morro både for far og son. Me laut ta ein tur te.

Ingen kommentarer: