fredag, januar 09, 2009

Godt nytt år!!!

Etterlyste bilete frå jula og nyttårshelga kjem... eingong i framtida...

Ein liten samtale i heimen:
Jarand er blitt flink til å gå utan bleie heime. Me håpar at han er klar for å prøva å gå utan bleie inne i barnehagen og. Han gjekk ikkje med på å prøva når eg leverte han på torsdag.

Eg: Kvifor vil du ikkje gå utan bleie i barnehagen?
Jarand: Eg kan ikkje sei ifrå.
Eg: Kvifor kan du ikkje det? Du kan vel sei til Synnøve, Ruth Elisabeth eller Marieke at du skal tissa?
Jarand: Dei kan ikkje komma heim til oss.
Eg: Dei har potte i barnehagen og.
Jarand: Nei...

Trur me må ta ein kikk på barnehagepotta på tirsdag;-)

Ingen kommentarer: