torsdag, mars 05, 2009

Mari 4 mnd.

Tida går heilt ifrå oss. Mari er allereie blitt 4. mnd. gammal. Hendinga blei feira med ein skikkeleg forkjølelse.... Alle 4 har vore ganske snylta. Jarand var heime frå barnehagen i heile forrige veke. Mari er like blid sjølv om ho hostar og renn i nasa.
30. januar rulla ho frå magen til ryggen. Ho gjorde det eit par gongar etter det. Veka før ho fylte 4 mnd. oppdaga ho at det går an å rulla frå ryggen til magen, så no gjer ho det heile tida. Ho har gløymd at det går an å rulla andre vegen... Jarand synst at rulling er ein uting, så han gjer kva han kan for å stoppa ho. Verken streng stemma eller fysisk motstand stoppar Mari;-) Eg berre gler meg til Mari begynnar å krabba, då blir det travle tider for Jarand!!!


Ingen kommentarer: