
Tenk at me allereie er 1/2 år sidan Mari blei født!!! Ho likar seg godt på golvet, for storebror har så mange spanande ting som må utforskast. Mari kjem seg litt rundt, men typisk nok så går det berre bakover, og sidelengs rundt i ring. Vippestolen er god å ha slik at ho får kvilt seg litt i mellom alle treningsøktene på golvet.

Det virkar som om Mari er interessert i bilar og traktorar og sånt.

Jarand er helten, sjølv om han er ein litt voldsom helt til tider... det blir litt grining og furting innimellom. Jarand som står for furtinga når han ikkje får lov til å styra på som han vil... Mari ler stort sett av Jarand når han jøglar for ho. Kjell Inge har prøvd å kopiera triksa til Jarand, men det har ikkje vore morosamt i det heile...

Det er kjekt å vera to når ein leikar på golvet, berre så synd at Mari ikkje forstår at ho skal flytta seg når ho ligg midt i "vegen". Me har ingått eit kompromiss med bilteppet. Mari får lov til å liggja på sirkuset.... ikkje det at ho held seg der ho blir lagt ned;-) Her er me på hytta. Der går det ein veg bortover golvteppet... Båten i framgrunnen er arvegods etter grandonkel Pudding, så den var sikkert ny rundt 1960.
Jarand les "Påls bleie" for Mari.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar