Akkurat no er det litt dårleg med nye bilete, sidan me ikkje har kamera for tida... Speglrefleksen er på reperasjon og Jarand øydela det andre kamera....
Her er me på grilltur ein søndag der det både var sol og varmt. Vatnet kan ikkje nett kallast varmt då. Eg vassa så tærne nett rakk å bli våte, meir orka ikkje eg. Fleire av ungane kom seg uti. Det skal ikkje mykje til å vera tøffare enn meg!

Kjell Inge og Magnar

Mari likar å leika med bilar.

Mari synst det er kjekt å vera saman med Konrad.


Naomi. Jarand og eg. Jarand er imot konseptet shorts. Bukser skal gå heilt ned synst han. Sidan han nekta å ta på seg shorts gjekk han i berre trusa. Han måtte så klart ha langarma genser. Det er ikkje berre beina som skal tildekkast om han får bestemma.
Idyllisk:-)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar