fredag, august 28, 2009

Bytur med Jarand

Forrige laurdag var eg og Jarand på tur til Bergen. På Togstasjonen var det utdeling av bollar og juice og bybane-brosjyre. Tusen takk for maten til bybanen!!!
Me var på kino og såg Gubben og Katten: Glemmeligheter. Det er første gong eg har teke Jarand med på kino. Trur han likte det, sjølv om han likte allerbest å ta toget. Han var sur på meg når me berre skulle ta toget heim att til Arna... han ville ikkje gå av...;-)
Me var på besøk til Onkel Hallgeir for første gong etter at han flytta til Bergen. Fekk middag og det heile:-) Hallgeir er sikkert lei seg for at alle bileta eg tok av han blei uklare.... og uegna for bloggen... Jarand var litt trøtt, men koste seg i alle fall framfor tven. Stilig med høg stol!
På toget.

1 kommentar:

Kjellaug sa...

Jarand e blitt så stooooor!
Med den manglande fortanna ser han ut som ein skulegut allerede :-)