søndag, oktober 25, 2009

Onkel Tormod les for Jarand

Ser ut som om Jarand kosar seg. Ikkje godt å seia kva Tormod gjorde, men han las i alle fall mange bøker for Jarand. Her er det testlesing av ei kulturfondbok: Schluuk av Rune Johan Andersen. Jarand likte boka veldig godt, medan me andre synst at den var litt rar.

Her om dagen sa Jarand "Da e`kje deko so bestemme, da e Tormod!". I følgje Jarand så må me byta på å bestemma. -Pappen, Mammo, han sjølv, Mari og Tormod. Dei to siste dagane har pappen bestemt. Forrige helg sa Jarand at Mari skulle bestemma neste helg. Eg er usikker på både kva Mari meinar når ho bestemmer og kortid det blir neste helg i Jarand sitt hovud. Det kjem nok til å gå mykje i klatring om Mari får bestemma. Ho prøver å klatra opp over alt for tida, heilt utan nokon grense for kva som er trygt og realistisk at ho skal klara. Ho held seg fast og strekker ut beinet i håp om å komma over kva som helst slags hindring. Det er jammen godt at ho er liten, så det er litt mindre ho rekk opp til...;-)

Ingen kommentarer: