fredag, mai 21, 2010

17. mai som me er så glai - Besto sine bilete

For første gong feira me 17. mai i Norheimsund. Jarand syntest det var stas å gå i 17. maitog saman med dei andre i Tolomarka friluftsbarnehage. Jarand var i kjempehumør og sprang rundt og leika heile dagen. Me andre hang på etter beste evne.



Jarand var litt skuffa, for han hadde sett for seg eit ordentleg tog... Toget gjekk til Toloheimen. Der stoppa korpsa for å spela for dei eldre, medan flaggborga gjekk vidare. Då blei det eit veldig langt tog;-) Då me kom nesten til målet, delte toget seg. Me går i tog på bilete, sjølv det ikkje ser sånn ut.
Her kjem skulemusikken med sjefen til Kjell Inge som faneberar:-)
Mari nyt nokre velfortjente rosiner.
Favorittaktiviteten til Jarand på 17. mai.
To utolmodige ungar ventar på kveldsmat. Jarand var litt sleten;-)

1 kommentar:

Maren sa...

Så fine dere var!