tirsdag, mai 03, 2011

Dei får sagt det

Det har vore litt dårleg med blogginga ei stund no, får sjå om me kjem så langt å leggja ut nokre nye bilete etterkvart.

Litt sitat frå Mari og Jarand følgjer.

Jarand kjem heim frå påskeferie:
"Hæ?!!! Da må ha vore nåken her. Da e`so ryddig her! Kem e`da so har gjort da?"
Me prøver å ha det ryddig til me får besøk iallefall og fredag før me reiste til Bakka på påskeferie var Besto og Besten på besøk;-)

Mari prøver bundaden som besto hadde når ho var liten:
"Mari e`fin" seier Mari og stråler når ho ser speglbilete sitt. "No må eg ikkje griiisa på meg!"

Jarand om lukten av vår i Steinsdalen:
"Å fyttirakaren, da lokta drit og bæsj!" Har stormar inn i bilen. "Få på innelokten, mamma!"

Mari er sjefen
Eg: "Kan du henta joggesko og hua Mari?" Mari: "Nei, du kan gjera da, du kan henta da!"

Ho skal gjera alt sjølv, men innser av og til at ting kan bli litt vanskeleg. Mari kjem med ei klemma ho vil ha i håret: "Me gjera lag?"

Mari får med seg mykje
Kjell Inge kjem og hentar ho i barnehagen og har på seg nokre joggesko han ikkje har brukt så mykje enda.
"Har du nye sko pappa? Har du da?"

Ingen kommentarer: