tirsdag, september 12, 2006

Fjellsommar

Også sommaren 2006 vart det tid til litt lyngsurfing i dalane rundt Bakka. Mange fiiine turar i verdens beste turtereng. Her kjem ei lita oppsummering...


Breidalen-Bakka : Vart køyrd til Breidalen søndag kveld, og gjekk heimatt til Bakka. Kul spot-effekt av sola på veg opp til Varane. Breidalen(750moh) - Varane (1350moh) - Bakka (0moh) e ca 10 km og gjekk unna på ein time og trettifem minutt. Ikkje for å skryta.

Nosi-Fyresnipa : Berdalsnosi sett frå Fyresnipa. Turen fortsette over den og nedatt i Berdalen

Nosi-Fyresnipa : Turen gjekk eg i siste ferieveka. Hausten e komen til fjells.


Nosi-Fyresnipa : Frå toppen av Fyresnipa.

Nosi-Fyresnipa : Frå toppen av Fyresnipa

Nosi-Fyresnipa : Frå Øyastølsfjellet mot Berdalen og Nosi.


Nosi-Fyresnipa : Frå Øyastølsfjellet mot Muravatnet. Muravatnet er eit stort regulert vatn. Iallefall pleier det å vera stort. No er det delt i tre og inneheld antageleg lite vatn.

Nosi-Fyresnipa : På toppen av Fyresnipa skreiv eg ein A i stein. A for Astrid. Jah, tenkje da...

Nestedalen - Blåfjell - Prestnosi : Fyrste ferieveka og turen gjekk til ein topp eg har tenkt på lenge, Blåfjell. Turen vart utvida med ein rundtur utom Prestnosi. Jækla bra. Her er det Storesalen som viser seg frå si beste side.

Nestedalen - Blåfjell - Prestnosi : Toppen av Prestnosi, mot Fresvikbreen.

Nestedalen - Blåfjell - Prestnosi : Frå toppen av Blåfjell.

Vikjadalen - Snarvegfjellet : Ferien var halvferdig og da vart "feira" med ein tur til Snarvegfjellet. Ein etterlengta topp å bestiga - Snarvegfjellet ser utruleg tøff ut på avstand. Skuffa ikkje på nært hald heller. Her er utsikten mot Fresvikbreen.

Vikjadalen - Snarvegfjellet : Poserer med Nummestolane og pittelitt av Fresvikbreen som bakgrunn. Uansvarleg som eg er ser de her ALT eg hadde med meg.

Flåmsdalen

Ikkje nok med at me tok oss ein tur te turisthølet Geiranger i ferien. Me tok jammen ein tur te Flåm og.

Flåm e Flåmsbana, Cruiseskip, dungar med "when do the fjord close" amerikanarar.

Me har tidlegare sykla til Flåm frå Haugastøl (Rallarvegen) og me har gått tur/retur Blomhelleren - Myrdal. Me har bestillt øl elle pils, men da va berre beer å få. Denna gongen skulle me ta toget frå Flåm til Myrdal og gå adle dei 21km nedatt til Flåm.

Astrid og Jarand ventar på at me skal få sleppa inn på toget. Celebrity Cruises i bakgrunnen. Ingen kjendisa å sjå.

Jarand kosar seg i togkupeen. Ved sida av oss sat da to tyskarar og ein hund. Takka vera udyret vart da ein smule nysing ned dalen.

Kjosfossene flott i seg sjølv. Flåm Utvikling har funne ut at flott ikkje e godt nok, og prøve å vidare utvikla naturopplevinga med nasjonalromantisk musikk frå digre høgtalarar og langhåra dame so dansa. God ide. Eh.

Myrdal stasjon Flåmsbana og Toget til Oslo...

Hadde ikkje Jarand sove 2/3 av turen skulle han fått vore meir i Beremeisen so eg bar med meg heile vegen. Men han va no fornøyd når han kom oppi - iallefall..

søndag, september 10, 2006

Jarand sitt første ord

var teppe. Han kom ikkje på det heilt sjølv då... Eg og besto til Jarand pakka saman tingene hans. Me sa teppe begge to og så høyrde me ein liten kar som og sa teppe:-) Me prøvde å få han til å herma etter oss fleire gongar, men då gjekk det berre i dadada!!! Det nærmaste han har komme ord tidlegare er å gaula ei! (hei) etter folk og babling som eg lett kan tolka til mamma mamamamam.

Skrekkspel

Ein nydleg dag i begynnelsen av september. Ein fin dag for å plaga naboane med litt musikk:-) Ikkje det at det er så mange naboar å sjå...då.
Besto har ein plan om å få Jarand til å lika trekkspelmusikk. Pappen til Jarand var ikkje heilt med på det. Han vil at Jarand skal bli glad i å spela trommer....



Besten heldt seg til sjokoladepudding med vaniljesaus.



Turkarane

Fekk mms frå Magnar. Ser ut som om Kjell Inge har det bra:-) Det ser berre litt kaldt ut;-)

fredag, september 08, 2006

Silje, Lars Ottar, Thea Malin og alle hundane på besøk:-)

Lars Ottar hadde med kajakk, så Kjell Inge og Lars Ottar padla både til Gudvangen og Dyrdal. Me andre slappa av:-)

Ein tur i båten blei det og. Siste helga med motorbåttur. Motoren ville ikkje meir etter ein tur til Gudvangen. Eg er glad me låg til land då den stoppa og ikkje hadde laaaaaaang veg å ro heim.

Søndag var me ein liten tur i Breidalen. Hundane fekk trimma seg der. Dei sprang i tau framfor bilen, det var litt av eit syn! Eg har eit dårleg bilete av trenging, men får ikkje blogga det no. Resten av bileta ligg på datamaskina til Kjell Inge og han er i Jotunheimen.

Jammen blei det ikkje litt sol, så me fekk nyta eit måltid med svidde ostesmørbrød ute:-)

torsdag, september 07, 2006

Norheimsund-Kyrkjebø-Ålesund-Geiranger-Bakka

På Kyrkjebø (ved Høyanger) bur Gullbjørg, Ann Kristin og Mai Lisbet. Me overnatta første natta på turen hos dei. Det er alltid koseleg å komma til Kyrkjebø:-)

Turen fortsette til Ålesund. Der låg me på Prinsen camping. Her trur eg me må komma tilbake når det er varmt, for dei hadde veldig fin badestrand. Jarand sov godt i teltet:-)

Me kikka oss rundt i Ålesund. Det var ein fin by! Me var på Jugendsenteret. Det var interessant:-)Me køyrde til Hellesylt og tok turistferje til Geiranger. Er ein på ferie, så er ein på ferie;-) Det var ein fin båttur. Me sat oppe på dekk og kikka på alt som blei annonsert via høgtalarane. Det kom først på norsk, så på engelsk og til slutt på tysk, så det var ikkje mogeleg å gå glipp av noko. Det var ikkje så mykje vatn i fossane dei 7 systrene.
Fossen Friaren ligg på andre sida. Høgtalarstemma sa at ein ser ei flaske i midten av fossen fordi friaren slo seg på flaska etter å ha blitt avvist av alle systrene... sånn kan det gå...Middag ved fjorden i Geiranger. I Geranger slo me oss laus og overnatta på hotell. Me åt dungar med frukost på frukostbufféen. Jarand likte best vannmelon av alt det dei hadde.

På badeferie til Øvre Årdal

I Årdal har dei eit kjempefint utebadeanlegg som er gratis å bada i:-) Jarand storkoste seg!
Det blei litt kaldt, veret var ikkje så veldig fint;-) Jarand hakka gommar, men smilte fordet.Me låg i telt i Utladalen. Jarand synst det var veldig moro å vera i teltet! Me måtte ta ein trilletur med vogna for å få han til å sova. Han sov i vognposen som Ann Kristin og Mai Lisbet hadde då dei var små.

Tur til Naole

Eg tøffar meg og bloggar ein tur no som turbloggaransvarleg er i Jotunheimen.

Me gjekk frå Sivle til Naole. Dette er ein fin tur med fantastisk utsikt! Stien frå husmannsplassen Naole til Sivle/Stalheim er restaurert så entusiastiske turgåarar kan gå der. Det er høgt ned, men fint å gå.

Deltakarar på turen: Eg, Kjell Inge og Jarand i bæremeis
Lengde på turen: 2 timar?
Inspirasjon: Me skulle kjøpa vaflar på Sivle gard (garden Per Sivle vaks opp på) når me kom tilbake frå Nålo.
Observerte dyr: To grisar og ein gjeng med høner:


Litteratur: Per Sivle: "Berre ein hund". Ei kjempefin utgåve av novella til Sivle. Boka er todelt med novella først og historien om livet til forfattaren til slutt. To bussar på veg opp og ein buss på veg ned.Dette trur eg er eit bilete av fjellet der hola som engelskmannen til Sivle prøvde å klatra opp i.

Kjell Inge og Jarand med Stalheim i bakgrunnen.Det hender det blir litt for mykje inntrykk, då er det godt å ta seg ein lur:-)"Bli no ferdig då pappa, eg og vil skriva namnet mitt i boka!"

Vaflane blei lappar med syltetøy. Det smakte kjempegodt!!!

Då var den o`store sommarferien over...

4 veker med base på Bakka. Me har slappa av, plukka bær, hatt besøk:-), padla kajakk og prøvd ut ein del turistatraksjonar.

Kameraet forsvann midt i ferien, det var surt! Me fekk heldigvis låna Liv Marit sitt kamera, så de kan få sjå litt bilete frå alle dei spanande... tinga me har drive på med. Og så har me nokre fantastisk flotte bilete teke med mobiltelefonen til Kjell Inge frå den lengste utflukta vår: Norheimsund-Kyrkjebø-Ålesund-Geiranger-Bakka.

I midten av ferien var me heimom ein tur så Jarand kunne få vaksinane sine på helsestasjonen. Han var kjempetøff og grein berre littegrann.

Godguten vår blei målt og vegd og:

9 mnd gammal var han:
70,5 cm lang, 9100 g tung og 46 cm rundt hovudet (Same som fødselslengda...). Jarand har tredobla fødselsvekta si! Jarand er litt kortare enn gjennomsnittet. Når det gjeld vekt i høve til lengda, så ligg han litt over gjennomsnittet. Han har god appetitt:-)

Jarand er aktiv. Han elskar å klatra i trapper, brukar ikkje lange tida på kjellartrappa.... han har ikkje høgdeskrekk men er redd for hjorten på veggen på Holmefjord og leikedinosauren til bestemor i Ålvik. Når noko er skummelt skal han til mamma. Mammadalten Jarand likar godt å henga i buksebeina mine;-) Særleg når eg leikar med vatn på kjøkkenet (vaskar opp...) Vatn er kjempegøy synst Jarand!

11. september tar Kjell Inge over fødselspermisjonen og eg begynnar å jobba som biblioteksjef i Samnanger. Det blir spanande!

tirsdag, august 22, 2006

Tut-tut!

Line kom med leikebilen som ho hadde då ho var liten. Gjett om Jarand koste seg då han fekk køyra!!! Legg merke til bil-nattdrakta;-)


Båttrafikk

Det er stor båttraffikk på Nærøyfjorden. Somme dagar kjem det til og med cruise-skip forbi Bakka.

Kajakkar er blitt eit vanleg syn på fjorden. Det er ikkje så vanleg å sjå meg oppi kajakken;-)
Her fann eg eit bilete av ein større balje:-)

mandag, august 21, 2006

Jarand på moltetur

Jarand var med på leiting etter molter i Berdalen. Me fann ikkje så mange molter, men møtte derimot ein skummel sau. Jarand begynte å grina då sauen kom litt for nære. Det var kanskje ikkje det vakraste eksemplaret av arten og så hadde den skikkeleg mørk og skummel stemma;-) Det hjalp å eta litt banan.

fredag, august 04, 2006

Fotballguten vår

Inge, Solfrid og Magnar har vore på ferie i England og kom heim med ein heil fotballgarderobe til Jarand. Englandsdrakt frå bestemor og bestefar og T-skjorte og badesko frå onkel Magnar. Jarand blei veldig god i fotball av å gå i dei fine kleda:-)