torsdag, september 07, 2006

Tur til Naole

Eg tøffar meg og bloggar ein tur no som turbloggaransvarleg er i Jotunheimen.

Me gjekk frå Sivle til Naole. Dette er ein fin tur med fantastisk utsikt! Stien frå husmannsplassen Naole til Sivle/Stalheim er restaurert så entusiastiske turgåarar kan gå der. Det er høgt ned, men fint å gå.

Deltakarar på turen: Eg, Kjell Inge og Jarand i bæremeis
Lengde på turen: 2 timar?
Inspirasjon: Me skulle kjøpa vaflar på Sivle gard (garden Per Sivle vaks opp på) når me kom tilbake frå Nålo.
Observerte dyr: To grisar og ein gjeng med høner:


Litteratur: Per Sivle: "Berre ein hund". Ei kjempefin utgåve av novella til Sivle. Boka er todelt med novella først og historien om livet til forfattaren til slutt. To bussar på veg opp og ein buss på veg ned.Dette trur eg er eit bilete av fjellet der hola som engelskmannen til Sivle prøvde å klatra opp i.

Kjell Inge og Jarand med Stalheim i bakgrunnen.Det hender det blir litt for mykje inntrykk, då er det godt å ta seg ein lur:-)"Bli no ferdig då pappa, eg og vil skriva namnet mitt i boka!"

Vaflane blei lappar med syltetøy. Det smakte kjempegodt!!!

Ingen kommentarer: