torsdag, oktober 05, 2006

Hagaåsen

På tysdag bestemte me oss fø å besøka Astrid på jobb i Samnanger fø fyste gong. Jarand va jo i si tid med på å skaffa Astrid jobben.

Jarand e jo ein liten mammadalt so fø at ho skulle få jobba i da heila vart besøket heller kort.

Eit referansespørsmål angåande turmoglegheiter i Samnager vart det likevel tid til. Noko svar var det derimot dårleg med.

So me la i veg oppøve Haga og vegen øve mot Tysselanddalen(elle noko slikt) - iallefall - på "toppen" fann me eit skilt med Hagaåsen på. Da va dit me ville. Køyrde oss ut i nærmaste grøft og la i veg. Tett skog heile vegen, ikkje nett drøymen for han far, men da fekk no helle ve. Jarand sovna so vanleg. Vakna att på toppen/utsikten, og då va da jaggu godt med banan.

Forøvrig ein godt merka sti. Og itte skiltinga å dømma kan turen gjerast på sti frå både Tysse og Haga fø dei so lure på da.

Samnangerfjorden i all si prakt.

Itte ei knapp banan var humøret i go'laje.

tirsdag, oktober 03, 2006

D+iplom

Siste dag i Ålviktrimmen e 1.10, og Jarand mangla fire poeng. Da laut bli ein søndagstur med andre ord. Ikkje at da va noko plaga - veret var jo fantastisk. Berre heile liabrekka14 på tur denna dagen, sidan besteforeldra te Jarand i Ålvik hadde reist på austlandstur.

Heile familien i eit sjølvportrett. Me e godt på veg te Hedler.
Ålvik og Hardangerfjorden frå like under Hedler.

Mor og son på Hedler.

Ålvik og Vikedal frå utsiktspunktet ved Hedler.

Jarand og Astrid poserar med Ålvik i bakgrunnen. Astrid med ein kledeleg gensar på hovudet.

Jarand klarte sin fyrste diplom i Ålviktrimmen i ein alder av 10 månader, 1 veke og 3 dagar.

D-4

I jakta på diplom vart det ein tur te Bjølveseter på fredagen og. Denne gongen vart heile liabrekka14 med og bestefar vart og jaga ut.

Stemninga ser ut te å vera god. Ikkje so rart, da va jo sjokolade å få.

Klokka vart halv åtte før me kom oss nedatt, og det begynte å mørkna.

Itte turen fekk me tilbod om smalahove på Lilletveit. Me vakje so vanskeleg å be.

D -8

Jarand skal ha diplom i Ålviktrimmen. Han mangla no 12 av 30 nødvendige poeng for å få diplomen. Bjølveseter vart målet tysdag fø ei veka sidan. Dagen før hadde me i lag med bestemor og bestefar vore i Dalen. Me møtte bestemor rett itte ho var ferdig på jobb i Ytre Ålvik og køyrde til fosse og parkerte der. 20 meter itte at me heiv igjen bildøra begynte det so smått å regna. Og verre vart da, men me hadde ein fin tur fø da me. Brukte berre ein time opp og ned.

På Bjølvester var det drikkepause og navneskriving i boka i postkassen. Og rykande ferske bollar. E jo husmor fø pokker.

Då me kom nedatt fann bestemor og Jarand ly for regnet i bagasjerommet mens dei stappa i seg endå meir bollar. Jarand fekk og prøva den nye Sogndal-lua si .

Bestemor laut hjelpa litt med heklinga av kanten rundt sidan foreldra hans ikkje kan slekt. Trur han e litt stolt.

Jarand e 8 poeng frå Diplom.

Torefjell

Astrid hadde ikkje vore heilt i form heile helga (ho gløymde tranen på torsdag, so da føklara jo da) - Jarand og far hans var derimot i storslag og bestemte seg fort fø at ein tur på Torefjell stod på programmet. Det hadde tydelegvis mange andre og gjort, fø alder har eg sett so mykje folk på veg til og frå Torefjell på ein gong.


Me gjekk frå Sjusete via Torefjellsflyane. Jarand sovna i meisen på veg opp, men like før me kom inn på "normalvegen" vakna han. Humøret var ikkje so gale. Geitafjell i bakgrunnen.


Frå varden på Torefjell ser jo te og med Øystese bra ut...


Jarand kosar seg på toppen med å eta stein. Termometeret viste 15 grader. Ikkje gale da 24. september.

Kjell Magne og Solveig


Førre laurdag kom Magnar og halvparten av besteforeldra te Jarand på besøk, med seg (look what the cat dragged in :-) hadde dei Solveig og Kjell Magne.

Fyrste gong Kjell Magne og Solveig var innom itte me kom i hus i Steinsdalen. Da va hyggeleg, sama ka dei seie.

torsdag, september 28, 2006

To tenner

I dag kom enda ei tann gjennom tannkjøtet, så no har Jarand snart to tenner nede. Det blir nok eit nydeleg syn;-)

Besto på Holmefjord må skriva ny tann-kommentar, for kommentaren hennar er ikkje kommen med...

tirsdag, september 26, 2006

Med beina på bordet

Når karane ikkje er på tur, gjer husarbeid eller anna viktig arbeid, sit dei med beina på bordet;-) Jarand synst at middagen smakar ekstra godt på denne måten.
Somme gongar blir det litt mykje av det gode... Jarand har sett seg fast i stolen på dei utrulegaste måtar. Då er det godt å ha ei mamma og ein pappa som kan få han laus igjen;-)

På jobb igjen

Det er slutt på min fødselspermisjon. Eg er begynt som biblioteksjef i Samnanger. Eg likar meg godt så langt!

For dei som køyrer forbi, så er eg glad for besøk på jobben;-)
Opningstida er:
Mandag: 14-19
Tirsdag: 14-19
Onsdag : 10-15

Biblioteket er godt gøymd i kjellaren på kommunehuset på Tysse. I neste veke blir det konkurransar med premiar til alle barn. Jippi!

Jarand ordnar opp

Jarand begynt å læra seg ein del ting sjølv... han synst blant anna det er kjekt å styra dusjen!


Ellers så likar han å kasta ting på golvet. Kjempekjekt. Rydda ut av hyllene på kontoret. Enda kjekkare og kjekkast av alt å klatra opp på oppvaskemaskindøra når den står open.

søndag, september 24, 2006

Den første tanna er på veg!

På 10 månadersdagen til Jarand merka Kjell Inge at den første tanna var komme gjennom tannkjøtet. Tanna er ikkje komme opp enda, men me kjenner den godt.

torsdag, september 21, 2006

Hedler revisited

Torsdag kom, og me peiste oss avgårde i halv eitt tida i retning Ytre Ålvik. Jarand skal få diplom i Ålvik trimmen, og då nyttar det ikkje å sitja på røvi. Godt og vel tre timar seinare var me heime att...

Litt klatring i steinrøysa e morro...

Medbrakt lunsj, sidan bersesongen e på hell. Ripssylta og rundstykke gjer nytte da og...

Nok ein fantastisk september dag, der verken lua eller langarma skjorta var nødvendig...

Ein litt lat dag

Onsdag, og dei to heimeverande kvilte.

Då Astrid kom heim, og hadde fått seg ein velfortjent middag, var det tid for litt trimming. Ho treng da jo ho, og.

I sommar kjøpte med ein grisebillig sykkelhengar på Europris. Sidan me nett har klart å skru han i hop, vart det ein prøvetur med denne til Steinsdalsfossen...

Jarand har for fyrste gong gått under ein foss. Han var likevel meir oppteken av dråpane so datt ned rett ved sida av han, enn elva som rann over han...

Sykkelhengaren funka godt på denne langturen, tiltross for at den er frå Europris...

Trukje han hadde da so heilt gale...

Til Solhella, nesten


Tirsdag kom og me kunne ikkje kvila på laurbera - itte Jarand sin fyrste lur køyrde me te Tokagjelet, rasa opp lia i vogn, med beremeis på ryggen te Byrkjesete, der me sette frå oss vogna i ei grøft. Fortsette opp stien mot Myklavatn, men itte Dusgjel tok me av mot Solhellanuten. Jarand hadde tydlegvis ikkje sove godt nok, så han sovna i beremeisen...og vakna av eit plutseleg vindkast i det me kom øve ein kant. Gretten va han og. Heldigvis e da ikkje so vanskeleg å få han i humør att.... Turen stoppa iallefall der knappe hundre høgdemeter under toppen, og Jarand storkosa seg blandt blåbærlyng og sauebæsj.


Te hedler

Mandag i førre veka vart da min tur. Astrid skulle tilbake i arbeid, og eg skulle gå heima og nyta late dagar med Jarand. Me kvilte ikkje så lenge - i firetida var me på plass i Ytre Ålvik for å vera støttekontaktar for to gamlingar som ville til fjells. Hedler var målet. Me parkerte i starten av den skandaløst høgt prisa bomvegen i Ytre Ålvik, og fekk oss ein fin kveldstur og vakje heima att før halvåtta.


Jarand og bestefar på Hedler. Jarand her i moteriktig rosa gensar.

Posering på kanten av stupet mot Vikedal. Bestemor te Jarand gaulte "ikkje lenger utpao no" - neivel då. Ålvik i bakgrunnen.


Jarand og bestemor og bestefar. Dei held seg trygt innom sprikka i steinen :-)

Veret var upåklageleg te å vera i midten av september. Her ser me ut fjorden ein plass på skogsvegen i Ytre Ålvik.