tirsdag, oktober 03, 2006

D+iplom

Siste dag i Ålviktrimmen e 1.10, og Jarand mangla fire poeng. Da laut bli ein søndagstur med andre ord. Ikkje at da va noko plaga - veret var jo fantastisk. Berre heile liabrekka14 på tur denna dagen, sidan besteforeldra te Jarand i Ålvik hadde reist på austlandstur.

Heile familien i eit sjølvportrett. Me e godt på veg te Hedler.
Ålvik og Hardangerfjorden frå like under Hedler.

Mor og son på Hedler.

Ålvik og Vikedal frå utsiktspunktet ved Hedler.

Jarand og Astrid poserar med Ålvik i bakgrunnen. Astrid med ein kledeleg gensar på hovudet.

Jarand klarte sin fyrste diplom i Ålviktrimmen i ein alder av 10 månader, 1 veke og 3 dagar.

D-4

I jakta på diplom vart det ein tur te Bjølveseter på fredagen og. Denne gongen vart heile liabrekka14 med og bestefar vart og jaga ut.

Stemninga ser ut te å vera god. Ikkje so rart, da va jo sjokolade å få.

Klokka vart halv åtte før me kom oss nedatt, og det begynte å mørkna.

Itte turen fekk me tilbod om smalahove på Lilletveit. Me vakje so vanskeleg å be.

D -8

Jarand skal ha diplom i Ålviktrimmen. Han mangla no 12 av 30 nødvendige poeng for å få diplomen. Bjølveseter vart målet tysdag fø ei veka sidan. Dagen før hadde me i lag med bestemor og bestefar vore i Dalen. Me møtte bestemor rett itte ho var ferdig på jobb i Ytre Ålvik og køyrde til fosse og parkerte der. 20 meter itte at me heiv igjen bildøra begynte det so smått å regna. Og verre vart da, men me hadde ein fin tur fø da me. Brukte berre ein time opp og ned.

På Bjølvester var det drikkepause og navneskriving i boka i postkassen. Og rykande ferske bollar. E jo husmor fø pokker.

Då me kom nedatt fann bestemor og Jarand ly for regnet i bagasjerommet mens dei stappa i seg endå meir bollar. Jarand fekk og prøva den nye Sogndal-lua si .

Bestemor laut hjelpa litt med heklinga av kanten rundt sidan foreldra hans ikkje kan slekt. Trur han e litt stolt.

Jarand e 8 poeng frå Diplom.

Torefjell

Astrid hadde ikkje vore heilt i form heile helga (ho gløymde tranen på torsdag, so da føklara jo da) - Jarand og far hans var derimot i storslag og bestemte seg fort fø at ein tur på Torefjell stod på programmet. Det hadde tydelegvis mange andre og gjort, fø alder har eg sett so mykje folk på veg til og frå Torefjell på ein gong.


Me gjekk frå Sjusete via Torefjellsflyane. Jarand sovna i meisen på veg opp, men like før me kom inn på "normalvegen" vakna han. Humøret var ikkje so gale. Geitafjell i bakgrunnen.


Frå varden på Torefjell ser jo te og med Øystese bra ut...


Jarand kosar seg på toppen med å eta stein. Termometeret viste 15 grader. Ikkje gale da 24. september.

Kjell Magne og Solveig


Førre laurdag kom Magnar og halvparten av besteforeldra te Jarand på besøk, med seg (look what the cat dragged in :-) hadde dei Solveig og Kjell Magne.

Fyrste gong Kjell Magne og Solveig var innom itte me kom i hus i Steinsdalen. Da va hyggeleg, sama ka dei seie.

torsdag, september 28, 2006

To tenner

I dag kom enda ei tann gjennom tannkjøtet, så no har Jarand snart to tenner nede. Det blir nok eit nydeleg syn;-)

Besto på Holmefjord må skriva ny tann-kommentar, for kommentaren hennar er ikkje kommen med...

tirsdag, september 26, 2006

Med beina på bordet

Når karane ikkje er på tur, gjer husarbeid eller anna viktig arbeid, sit dei med beina på bordet;-) Jarand synst at middagen smakar ekstra godt på denne måten.
Somme gongar blir det litt mykje av det gode... Jarand har sett seg fast i stolen på dei utrulegaste måtar. Då er det godt å ha ei mamma og ein pappa som kan få han laus igjen;-)

På jobb igjen

Det er slutt på min fødselspermisjon. Eg er begynt som biblioteksjef i Samnanger. Eg likar meg godt så langt!

For dei som køyrer forbi, så er eg glad for besøk på jobben;-)
Opningstida er:
Mandag: 14-19
Tirsdag: 14-19
Onsdag : 10-15

Biblioteket er godt gøymd i kjellaren på kommunehuset på Tysse. I neste veke blir det konkurransar med premiar til alle barn. Jippi!

Jarand ordnar opp

Jarand begynt å læra seg ein del ting sjølv... han synst blant anna det er kjekt å styra dusjen!


Ellers så likar han å kasta ting på golvet. Kjempekjekt. Rydda ut av hyllene på kontoret. Enda kjekkare og kjekkast av alt å klatra opp på oppvaskemaskindøra når den står open.

søndag, september 24, 2006

Den første tanna er på veg!

På 10 månadersdagen til Jarand merka Kjell Inge at den første tanna var komme gjennom tannkjøtet. Tanna er ikkje komme opp enda, men me kjenner den godt.

torsdag, september 21, 2006

Hedler revisited

Torsdag kom, og me peiste oss avgårde i halv eitt tida i retning Ytre Ålvik. Jarand skal få diplom i Ålvik trimmen, og då nyttar det ikkje å sitja på røvi. Godt og vel tre timar seinare var me heime att...

Litt klatring i steinrøysa e morro...

Medbrakt lunsj, sidan bersesongen e på hell. Ripssylta og rundstykke gjer nytte da og...

Nok ein fantastisk september dag, der verken lua eller langarma skjorta var nødvendig...

Ein litt lat dag

Onsdag, og dei to heimeverande kvilte.

Då Astrid kom heim, og hadde fått seg ein velfortjent middag, var det tid for litt trimming. Ho treng da jo ho, og.

I sommar kjøpte med ein grisebillig sykkelhengar på Europris. Sidan me nett har klart å skru han i hop, vart det ein prøvetur med denne til Steinsdalsfossen...

Jarand har for fyrste gong gått under ein foss. Han var likevel meir oppteken av dråpane so datt ned rett ved sida av han, enn elva som rann over han...

Sykkelhengaren funka godt på denne langturen, tiltross for at den er frå Europris...

Trukje han hadde da so heilt gale...

Til Solhella, nesten


Tirsdag kom og me kunne ikkje kvila på laurbera - itte Jarand sin fyrste lur køyrde me te Tokagjelet, rasa opp lia i vogn, med beremeis på ryggen te Byrkjesete, der me sette frå oss vogna i ei grøft. Fortsette opp stien mot Myklavatn, men itte Dusgjel tok me av mot Solhellanuten. Jarand hadde tydlegvis ikkje sove godt nok, så han sovna i beremeisen...og vakna av eit plutseleg vindkast i det me kom øve ein kant. Gretten va han og. Heldigvis e da ikkje so vanskeleg å få han i humør att.... Turen stoppa iallefall der knappe hundre høgdemeter under toppen, og Jarand storkosa seg blandt blåbærlyng og sauebæsj.


Te hedler

Mandag i førre veka vart da min tur. Astrid skulle tilbake i arbeid, og eg skulle gå heima og nyta late dagar med Jarand. Me kvilte ikkje så lenge - i firetida var me på plass i Ytre Ålvik for å vera støttekontaktar for to gamlingar som ville til fjells. Hedler var målet. Me parkerte i starten av den skandaløst høgt prisa bomvegen i Ytre Ålvik, og fekk oss ein fin kveldstur og vakje heima att før halvåtta.


Jarand og bestefar på Hedler. Jarand her i moteriktig rosa gensar.

Posering på kanten av stupet mot Vikedal. Bestemor te Jarand gaulte "ikkje lenger utpao no" - neivel då. Ålvik i bakgrunnen.


Jarand og bestemor og bestefar. Dei held seg trygt innom sprikka i steinen :-)

Veret var upåklageleg te å vera i midten av september. Her ser me ut fjorden ein plass på skogsvegen i Ytre Ålvik.

fredag, september 15, 2006

Høgare enn himmelen

I snart to år har eg og Magnar snakka om ein tur te Horongane (Hurrungane) i vest Jotunheimen. Magnar elskar Horongane og eg vakje nett fråstøytt av tanken på ein tur dit eg heller. Horongane byr på da flottaste me har her i landet av skikkeleg høge fjell. 37 2000 meter toppar er samla på eit område der avstanden mellom austlegaste og vestlegaste topp er 7 km.

Itte å ha fylgt nøye med på vermeldingane heile førre veka, reiste me i retning Årdal rett itte jobb og skule på fredag. Eg plukka opp Magnar på Voss og halv ni var me i gong med å setja opp teltet nokre hundre meter etter bomstasjonen på Tindevegen(Ein av Noregs flottaste vegar). Mørket kom fort og det var godt å komma i hus. Klokka vart sett på sju, og me la oss te å sova rundt midnatt itte itte nøye bibelstudie(Norges fjelltopper over 2000 meter).

Klokka ringde men ingen sto opp. Ein time seinare begynte det å bli liv i leiren. Veret var ikkje slik me håpa, men me bestemte oss for å gå i veg mot Vestre Austanbottentind(2100moh). Klokka halv ti hadde me pakka sekkane og gjort oss klare for avgang. Ingen alpin start akkurat.

Frukosten vart innteken i teltet. Litt småregn og kaldt og surt ver elles gjorde at da ikkje frista å sitja ute. Kakaovatnet e snart ferdig, heldigvis.


Vestre Austanbottentinden (V1) vart nådd itte to-tre timar. Ingen store problem sjølv om snøen sovidt hadde innteke toppen. Utsikten var det dårleg med. Skodde over alt. Eller var me egentlig i skyene ?

Me kom ned att til teltet litt øve to. Litt tidleg å ta kvelden - so kvifor ikkje ta ein topp te ? Me var svolte på meir fjell. Store Soleibotntind(2083moh) gøymde seg i skodde havet nokre kilometer nærare Turtagrø. Me gjekk avgårde frå parkeringsplassen der stien til Store Soleibotntind og Lauvnostinden begynnar. Me klarte å ta feil sti og var på full fart mot Lauvnostinden. Heldigvis klarte me å korigera kursen før da var for seint og feilen kosta oss ikkje meir enn ein pitteliten kilometer, som bonus fekk me sjå meir natur.

Itte blytunge høgdemeter på rumlande mage nådde me toppen rundt fem. Brød med prim har vel skjelden smakt betre. Utsikten frå denne toppen var like dårleg som på den fyrste.

Magnar poserer med eit brevaten i bakgrunnen under toppen på Store Soleibotntind.

Noko slitne, itte 18km og 1800 meter opp og 1800 meter ned kunne me setja oss i bilen i halv sju tida. Me køyrde mot Turtagrø for å sjå på neste dags mål - Nordre Skagastølstind, og fekk ein fantasitisk utsikt mot Skagastølstindane med melis og ein dæsj sol på. Vakkert.

Søndagen kom, og me kom oss opp i nokonlunde fornuftig tid. Litt øve ni hadde me pakka telt og anna skrammel i bilen og reist til Skagastølen, like ved Turtagrø. Veret var fint, men skodda var veldig att og fram. Mykje flott å sjå på vegen inn Skagastølsbotnen.

Skagastølstindane visar seg i skodda av og til. Lengst til venstre var dagens mål, Nordre Skagastølstind(2167moh).

LItt oppi steinrøysa ante me at noko stort var på gong. Skagastølsryggen viste seg i all si prakt.

Toppen er nådd. Verken bilde eller ord kan beskriva opplevelsen av å stå på toppen og sjå alle toppane mellom Gjertvasstind og Store skagastølstind dekte med eit nydeleg lag snø, belyst av sol der dei stakk opp av skodda. Kan leva lenge på detta....

Gjertvasstind heilt til venstre i bildet - Styggedalsryggen fortset frå den mot høgre.

Utsikt mot der me var dagen før. Piggen som stikk lengst opp lengst bak i midten er Store Austanbotntind. Dyrhaugsryggen framfor og Midtmaradalstind til venstre. Alt det kvite i mellom er skyer. Me er høgare enn (ka :-) himmelen.

Ein av mine største naturopplevingar og ein topptur eg aldri kjem til å gløyma.

Trur denna karen va fornøyd og.

Gjertvasstind og Styggedalstind frå like under Nordre Skagastølstind.

Nede att i halv fire tida, og på veg heim var veret vorte strålande. Toppane frå laurdagen låg bada i sol og med berre blå himmel rundt. Da e mulig utsikten hadde vore betre, men me var trøytte og eg måtte heim te kåna og unge og Magnar skulle gjera tyskleksa si før mandag.

To heile brød, ein pakke prim, ein ovnsbakt leverposti, to boksar spagetti ala capri, åtte posar rett i koppen kakao ein halv kilo chips og tre flaske brus.

30 kilometer - 3000 meter opp - 3000 meter ned.
Trukje da blir siste turen til Horongane.
Mykje vil ha meir.