onsdag, april 25, 2007

Snø i april

Når me for ørtiande gong trudde at våren var kommen, så kom det litt meir snø. Kjell Inge måka mest, men det er eg og Jarand som har fått dokumentert arbeidet vårt. Me måka så fint for me skulle få besøk, men så blei det så griseføre at dei kom ikkje opp til huset vårt ein gong;-)

Me klarte visst ikkje å ta bilete av besøket...



mandag, april 23, 2007

Tre fjell med Kvam turlag

Flott tur frå Kvamskogen til Sjusete over Byrkjefjell, Iendafjell og Fuglafjell

Bilder frå turen

Rapport frå turen

mandag, april 16, 2007

Berdalen

Palmesundag skulle da bli familietur på ski. Pulk, ski og to bilar med folk tok ut i retning Vikafjellet. Berre Magnar hadde fått med seg at vegen til Vikafjellet var stengt i Holo på grunn av ras, noko han kunne opplysa oss om då me kom til bommen før Holo. Etter litt diskusjon kom me fram til at Berdalen fekk bli nytt turmål. Berdalen er ein hengedal til Jordalen, og absolutt verdt eit besøk.

Jarand hadde sove i bilen, og begynte etter halvannantimes køyring å bli lei av å sitja i ro, så pulkturen vart ikkje teke med det beste humøret.

Det var likevel ein nydeleg dag, veret var fantastisk. Og Astrid knakk ikkje ankelen på denne påsketuren, slik ho gjorde førre gongen ho var med familien Tyssen på påsketur. Den gongen to månader gravid med Jarand.


Jarand og Bestefar nyt sola og ventar på nista.



Bakkanosi

Fantastisk fin tur på Bakkanosi på Palmelaurdag.

Omtale finn du her

Bilder finn du her

Melis, liksom ?

Nokre få minutt i einsemd på kjøkenet på hytta i palmehelga gav Jarand anledning til å finna ut om da verkeleg var kokain bestemor hadde i boksen i skapet. Han kunne, itte å ha sjekka HEILE boksen, letta konstatera at det berre var melis.

søndag, april 08, 2007

Jarand har fått sin fyrste dimplom. Itte han med stor innsats i haust klarte å få dei 30 poenga han måtte ha for å få diplom i Ålvik trimmen, har han no fått utdelt beviset på si bragd. Faktisk tok han 2 meir enn han trengde. Han slo derfor onkel Magnar lett. Barnetrim, so Jarand sa da (ref. Northug).

Jarand e so godt so heilt sikkert dan yngste so nokon sinne har fått diplom i Ålvik trimmen ca10 månader og 10 dagar gammal.

torsdag, april 05, 2007

Storbonden

Endeleg vart da ein tur til Bakka att. Lenge sidan sist no. Altfor lenge.

Laurdagen fekk me oss ein tur i geitefjøsen til Svein og Liv Marit. Jarand likar dyr, og koste seg i fjøsen, bortsett frå når geitene sleika på fingrane hans. Da va litt ekkelt. Fisefine guten.

Svein gir killingane mjølk, og Jarand lot seg imponera av teknikk og hastigheit på drikkinga.



To fjellturar

Bursdagsfeiring på Trollnuten for Magnar



Ein sjuk tur til Torefjell

mandag, april 02, 2007

Ledig hybel

Frå 1. juli kan ein ny heldiggris få bu i Liabrekka 14. Då er hybelen i kjellaren ledig;-) Kjenner du nokon som treng hybel i Steinsdalen, så er det berre å ta kontakt!

Såpebobler

Onkel Magnar er kjempeflink til å blåsa såpebobler, berre så synd at boblene varer så kort..;-)

Danseløve

Innimellom dansar Jarand litt for seg sjølv. Han er så søt atte:-)





20. mars blei Besto 55 år! Hurra!!!


Me klarte ikkje ta eit ordentleg bilete av jubilanten... men de kan skimpta ho i speglbilete i vindaugsruta;-) Gjestane sit klare til å eta bursdagskake. Pudding er kanskje ikkje heilt klar, for han åt litt for mykje hjort til middag;-)


Besto fekk ein stumtjenar frå oss. Jarand hjalp til med å setja den saman.

Rosinbollar, kanelbollar og godt selskap!

Sidan Jarand og Kjell Inge likar å baka bollar, inviterte eg babygruppa med pappaer (eller "vil-ha-baby-gruppa" som Kjell Inge seier sidan babyane er blitt store no) på bollar ein mandag i mars. Eg tok nokre bilete og tenkte de måtte få sjå dei som blei vellykka.









lørdag, mars 24, 2007

Ein likandes kar fylle 18

Magnar fydle akjan år i dag. Me gratulera so mykje!!



Magnar feira bursdagen med ein skitur med dei jækla hyggelege brødrene sine. Solhellanuten, Presafjell, Trollnuten og Goddalseggjen vart besøkt. I eit jækla grisaføre. Magnar fekk fjellski til bursdagspresang. No lyt han læra seg å gå på dei.


Etter ein god bursdagsmiddag lyt han underhalda nevøen sin litt med såpebobleblåsing. So blir da kaka å få.

søndag, mars 18, 2007

Vår liksom?

I går kjendes det ut so våren var komen. I dag kom vinteren attende. Masse blaut snø gjorde steinsdalen kvit. Da e jo litt deilig og.


Jarand har fått ski! Tidlegare i vinter fekk me på plass familieklenodia i grasjen, nypreparerte og fine frå Ålvik. Åsnes Bøk såle. Skia er brukt av fem stykker tidlegare, og er snart 30 år gamle. Me måtte jo prøva dei no når sjansen baud seg att. Jarand såg ut til å kosa seg voldsom, sjølv om han trengte hjelp for å holda overkroppen over beina. Han ser iallefall drittøff ut, og gjer far sin jækli stolt.



Eg veit ikkje ka han heite, men fin va han. Om da va ingeniørskapet eller veret so gjorde at han tryna etter få timar veit eg ikkje.

Me har hatt Magnar på besøk. Planen var å komma seg ein tur på ski, sidan Magnar har fått fjellski til bursdagen om ei lita veka. Vart dårleg med skitur, sidan veret var mest for spesielt interesserte. Trur Jarand sette pris på at Magnar ikkje fekk prøva skia, for Jarand e veldig glad i Magnar.